Lokallag vurderer å leggje ned i protest mot E39-avgjerda

E39-avgjerda kan gjere regjeringspartiet Høgre eitt lokallag fattigare. På eit ekstraordinært møte skal medlemene avgjere framtida til Gloppen Høgre. – Det er mange andre gode saker å kjempe vidare for Høgre sin politikk, seier fylkesleiar Arve Mjømen i partiet.

Erna Solberg intervjues i vandrehallen

AVGJORDE: Statsminister Erna Solberg presenterte sjølv E39-avgjerda i pinsa. No kan ho bli eitt lokallag fattigare.

Foto: Siv Sandvik / NRK
Eirik Hildal
Journalist
Oddleif Løseth
Journalist

Kommunestyregruppa og lokallagsstyret i Gloppen diskuterte tysdag E39-avgjerda som kom kvelden i førevegen.

Det enda med at medlemene no skal avgjere framtida til lokallaget.

– Vi lufta tankane våre og tenkte saman i forhold til vegen vidare, og bestemte oss for å kalle inn medlemmane i Gloppen Høgre til eit ekstraordinært medlemsmøte så snart som råd for å lufte med dei. Kva vidare no med Gloppen Høgre? Har vi grunnlag for å drive eit lokalparti vidare framover mot kommunevalet neste år, seier lokallagsleiar Anniken Rygg.

– Vi er fortvila og slitne

Anniken Rygg

LEIAR: Anniken Rygg seier medlemene i Gloppen Høgre skal få vere med å avgjere framtida til lokallaget.

Foto: Høgre

Regjeringa si avgjerd om å flytte dagens E39-trasé frå midtre til indre Nordfjord har falle glopparane og eidarane tungt for hjartet. Dei håpa å få avløyst ferjesambandet Anda - Lote med ei bru, men må sjå denne brua bli planlagd lenger inne i fjorden .

Erna Solberg sa måndag kveld at ho og regjeringa ynskjer tunnel gjennom Utvikfjellet og at E39 skal gå vidare gjennom Stryn og over Kvivsvegen til Volda.

– Vi er mistenksame til heile prosessen rundt denne saka. Vi er fortvila, slitne, vonbrotne. Lufta har gått ut av ballongen på mange av oss, seier Rygg.

Nestleiar vurderer

Også i Eid byrjar lokalpolitikarane til Høgre å telje på knappane .

Bjørn Lødemel og Tore Hjelle

VUDERER: Tore Hjelle (t.v.), her i samtale med stortingsrepresentant Bjørn Lødemel, er så misnøgd med trasévalet at han vurderer å melde seg ut av Høgre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg står framfor ein prosess der eg vurderer om eg skal gå på ein ny periode. Det er ikkje freistande å vere med lenger for min del, sa nestleiar i Eid Høgre, Tore Hjelle, til NRK på tysdag.

Fylkesleiar Arve Mjømen oppmodar derimot lokalpolitikarane til å brette opp ermane.

– Det er lett å skjønne på ein slik dag at vonbrotet er stort når ikkje ting går i deira favør. Uansett kva retning denne saka hadde gått i, hadde nokon blitt skuffa. Det la også statsministeren vekt på. Det er mange andre gode saker å kjempe vidare for Høgre sin politikk, seier han.

– Dramatisk for dei

Mjømen meiner det er naturleg at eit lokallag set seg saman for å diskutere framtida, og seier at han håpar dei kjem fram til at dei vil jobbe vidare.

– Det er klart at eg oppfattar dette dramatisk sett frå deira ståstad. Det vil eg ikkje på nokon måte bagatellisere. Men eg tykkjer det er naturleg at eit lokallag med sine medlemmer set seg i lag og snakkar om korleis vegen skal vere vidare.

– Dramatisk sett frå deira ståstad. Men korleis er det for dykk som fylkesparti og dykk som leiing i fylkespartiet: Er det ikkje dramatisk at eit lokallag tek opp slike spørsmål?

– Det er heilt klart noko det absolutt er verdt å reflektere over. Men vi meiner vi har gjort ein god prosess i denne vegsaka som har versert altfor lenge, og fått altfor mykje merksemd i grunn. Vi meiner den prosessen fylkeslaget har gjort har vore god.

Misnøgde med prosessen

Det er ikkje Rygg i Gloppen Høgre samd i. Ho meiner at det ikkje handlar om ei vinn eller tap-sak, men om nettopp prosessen i eige parti.

– Dei som har følgd med fekk med seg kva som skjedde for vel eit år sidan på høgre sogn og Fjordane sitt årsmøtet. Vår Stortingsrepresentant snudde på kva han hadde meint før i denne saka. Og prosessen rundt korleis det vart gjort, med ein resolusjon som vart sendt inn veldig kort tid før det skulle takast opp på møtet, seier Rygg og held fram:

– Så viktige saker kjem inn i siste liten, og det virkar som ting er avtalte på førehand og premissane er lagde. Difor føler vi i dag at vi eigentleg ikkje fekk vere med å kunne påverke på ein korrekt måte.

Tek ikkje sjølvkritikk

Arve Mjømen

FÅR KRITIKK: Frå grasrota i Gloppen får både regjeringa og fylkeslaget, ved leiar Arve Mømen (biletet), kritikk. Dei er misnøgde både med avgjerda, prosessen bak og at fylkesleiinga ikkje tok kontakt etter at avgjerda fall.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Mjømen kjenner seg derimot ikkje att i kritikken og viser til at ingen har lukka dører for verken innsyn eller andre utsegn.

– Dette har vore diskutert veldig lenge, og vi har hatt det oppe i eitt årsmøte, og eitt anna førebuande møte til eit fylkesting. På det møtet var alle kommunelaga inviterte til å seie sitt. Etter invitasjon har dei fått sagt meininga si og løfta ho fram. Då kan vi ikkje gjere stort anna, seier fylkesleiaren og legg til:

– Så er det alltid slik at demokratiet rår, også i partiorganisasjonane, og fleirtalet må lyttast til.

Tenkte ikkje på telefonen

I Gloppen Høgre kom det tysdag tydeleg fram at dei meiner fylkeslaget kunne tatt seg noko betre av «taparen» i vegstriden, og ikkje berre feire med «sigerherren».

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Valet av E39-trase over Nordfjord har vekt sterke reaksjonar, med glede hjå forkjemparane for indre rute og stor skuffelese for tilhengarane av midtre.

SJÅ TV-SAK: Sterke reaksjonar etter E39-avgjerda.

– Det ser ikkje ut til å ha streifa tankane til fylkespartiet. Eg tykkjer det berre er leitt og veldig synd at dei ikkje ein gong klarer det, seier Rygg.

Her får Rygg medhald frå Mjømen.

– Den førre regjeringa klarte ikkje å ta ei avgjerd. Så tok denne regjeringa ei avgjerd. Vi har vel sett på dette som regjeringa si sak, og så har eg ikkje tenkt tanken om å ta ein telefon til Gloppen og prate med dei om resultatet. Og det skal eg gjerne ta sjølvkritikk på, seier han.

Leitar etter lysta

Rygg seier at dei i Gloppen må finne lysta til å politisk arbeid att dersom dei skal halde fram. Det er også bakgrunnen for at dei no ber medlemmane om deira meining og tru.

Møtet vil gje ein indikasjon på om det er grunnlag for å ha laget vidare.

– Dersom vi ikkje finn fellesskap eller noko interesse for vårt vidare politiske arbeid innanfor Høgre, ja då er det vanskeleg å drive på. Vi må finne saker og finne ting vi brenn for, ting som er viktige for oss og som vi kan jobbe vidare med i fellesskap, avsluttar Rygg.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.