Det er Norsk kulturindeks, utarbeidd av Telemarksforskning, som plasserer Gloppen kommune på topp over kulturkommunar.
Ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane er mellom dei 20 øvste i kåringa, der Bø og Lillehammer kommunar vart vist til høvesvis andre- og tredjeplass.
- SJÅ: Norsk kulturindeks (PDF-fil)
– Kommunen, som nettopp har blitt vertskap for en ny knutepunktfestival, skåra høgt på dei fleste indikatorane, konkluderer rapporten.
(Artikkelen held fram under biletet)
Offentlege data
I september vart Norsk Country Treff på Breim
.Når no Telemarksforskning har vurdert ei lang rekkje registerdata, ventar ny heider og ære på kulturlivet i kommunen som også kan by på Musikkfest og Glopperock.
– I Gloppen scorar dei høgt på stort sett det meste. Spesielt høgt scorar dei på mange kunstnarar busett i kommunen, mange sysselsette i kulturnæringa, godt museumstilbod, godt og utvikla bibliotekstilbod og dei er særskilt gode på frivillegheit, fortel Bård Kleppe hos Telemarksforskning.
Viktig stadfesting
Telemarksforskning har vurdert indikatorar som dei meiner seier noko om kulturtilbod og aktiviteten i ulike norske kommunar.
(Artikkelen held fram under tabellen)
Norsk kulturindeks er ei årleg oversikt over kulturtilbod og kulturaktivitet i norske kommunar, regionar og fylke. Kåringa er ei ny fjøyr i hatten for kulturmiljøet i Gloppen.
– Det viktigaste er vel å få stadfestinga at det er personar og politikarar som gjer noko rett i høve til å skape eit godt kulturtilbod, meiner Kleppe.
Vart overraska
Kleppe vedgår at både han og referansegruppa beståande av Knut Vareide, Ole Marius Hylland, Ola K. Berge, Mari T. Heian, Heidi Stavrum og Knut Løyland vart overraska då dei såg kven som hamna øvst på lista.
– Vi har stort sett arbeidd med tal, så det var overraskande for oss kva kommunar som hamna på toppen. Vi har sett litt på kva dei gjer. Dei har nett fått knutepunktfestival og har fleire festivalar, noko som forsterkar det biletet vi har gjennom dei statistiske data: At det er ein kommune som satsar mykje på kultur, seier han.
– Overraskande
Overraska vart også kultursjef i Gloppen, Jan Kjetil Øygard, då han i morgontimane onsdag kom på jobb til nyhenda.
– Det var overraskande, seier han og meiner tittelen kan utnyttast på mange måtar i tida framover.
– Det fortel også at glopparane bur i ein god kommune og med høg livskvalitet. Dette betyr mykje og er ikkje berre kommunen si ære. Det er heile Gloppen kommune og det frivillige kulturlivet, legg han til.
(Artikkelen held fram under biletet)
Frå botn til topp
Framfor lokalvalet i haust, presenterte fleire medier sitt eige kulturbarometer.
På NRK sitt barometer fekk kulturtilbodet i Gloppen botnkarakter, på ein skala frå 1 til 6. På landsbasis vart kommunen vart kommunen rangert på 273. plass.
- LES OGSÅ: Her er dei gode på kultur
– Når ein får slike meldingar, så tenkjer du ofte «kor rett er dette»? Det er ikkje lenge sidan vi såg målingar som ikkje sette oss på toppen. Men går ein bak tala, så ser ein interessante indikatorar som gjenspeglar kulturlivet i Gloppen, seier han og trekkjer fram både mange frivillige lag og organisasjonar og mange kulturarrangement.
Nøgde elevar
Sindre Viken Holsen er elev ved Firda vidaregåande skule på Sandane. Han er storveges nøgd med kulturaktiviteten i kommunen.
– Det er heilt fantastisk. Vi er einaste skulen i fylket som har musikk, dans og drama, og lagar framføringar som gjer det mogleg for folk utanfor skulen å komme å sjå på, seier han.
P.S.: Årets kulturfylke vart Sør-Trøndelag, med Oslo og Troms på dei neste plassane. Sogn og Fjordane kjem først på ein anonym 9. plass.