NRK Meny

Glopparane nesten i boks

Leiarkabalen i Gloppen kommune er nær komplett, etter at rådmannen har tilsett ny teknisk- og helse- og omsorgssjef. Anita Lothe er tilsett som ny helse- og omsorgssjef. Ho er i dag prosjektleiar for kvardagsrehabilitering i kommunen. Ole Gaute Hovstad er innstilt som ny teknisk sjef, han jobbar i dag som leiar for eSmartprosjektet i Sogn og Fjordane Energi. Begge er busette på Sandane.