Hopp til innhold

June er klar for eliteserien igjen

Strekspelaren June Andenæs (31) var svolten på meir eliteseriespel etter Russland-returen. Etter berre tre kampar i 1. divisjon er handballspelaren tilbake i eliteserielaget Byåsen.

June Andenæs mot Thüringer HC
Foto: Mario Gentzel / pictureteam

Det vart med fire mål på tre kampar for botnlaget Levanger, så kom gamleklubben Byåsen på bana og har no sikra seg tenestene til June Andenæs.

– Eg hadde ein klausul i kontrakten om at eg kunne gå dersom eg innan 1. februar fekk tilbod frå ein klubb høgare oppe, seier den tidlegare landslagsspelaren til NRK.

Reiste til Russland

Glopparen reiste for halvanna år sidan frå Byåsen til den russiske toppserieklubben HC Lada Toljatti . Ho vart då første norske handballproff i Russland. Men i løpet av sesongen vart ho gravid, og returnerte til Trondheim . 15. september vart ho mor.

Det er adressa.no som i dag fortel at Andenæs er tilbake i Byåsen. Klubben ho har spelt 40 kampar og scora 115 mål for på to sesongar.

– Det er ei dame vi veit kva står for, og erfaringa og forsvarskvalitetane kjem til å vere bra for oss, seier dagleg leiar Torbjørn Balstad til avisa.

Avtale ut sesongen

Overfor NRK vedgår den 31-årige kantspelaren at ho var svolten på meir spel på øvste nivå.

– Ja, eg var det. Eg snakka om det med Levanger allereie då eg gjorde avtale med dei, at eg eigentleg ville spele høgare oppe, men at eg i mellomtida kunne spele for dei, seier ho.

I første omgang har Andenæs signert ein avtale som går ut sesongen. Ho vil først vere speleklar om ei vekes tid.

Ikkje i toppform, men ...

– Eg har vore gjennom medisinsk sjekk og testing, og trur nok eg har noko å bidra med. Elles hadde eg ikkje fått tilbodet, eller vore interessert i dette sjølv. Men det må gjerast ein treningsinnsats, seier Andenæs.

– Så du er ikkje i form til å gå rett inn på laget?

– Eg spelte ein del kampar i 1. divisjon og tok nivået greitt, men så er det eit steg opp att så vi får sjå kva som skjer. Eg kjem sjølvsagt ikkje rett tilbake i toppform, men er eg ikkje der om eitt par veker, så kanskje ein månad.