Gloppar scora flest for Larvik

June Andenæs frå Gloppen vart mestscorande for vertane med fem mål då Larvik spelte 23-23 mot Kuban Krasnodar i gruppespelet av EHF Cupen i handball laurdag. Med berre tre poeng på seks kampar er Larvik slått ut av cupen, medan Kuban kjempar om ein plass i kvartfinalen.

June Andenæs på Larvik-trening
Foto: Svein André Svendsen