Hopp til innhold

June kan få både EM og VM i år

Glopparen June Andenæs er som siste spelar utteken til handballandslaget sine siste samlingar før OL i London. I staden kan det bli både VM og EM på 28-åringen i år.

June Andenæs

LANDSLAGET: June Andenæs har gjort sine saker bra på handballbanen sidan ho reiste frå Gloppen. No er ho aktuell både for VM med A-landslaget og VM med beachlandslaget.

Foto: Johan Arnt Nesgård

Strekspelaren frå Vereide står frå før med ein landskamp og eitt mål.

Når June Andenæs no blir med landslaget på dei siste OL-førebuingane i Portugal, er det for treninga sin del. For namnet hennar dukkar ikkje opp når OL-troppen blir presentert 24. juni.

– Det er ein tropp som skal vere mindre enn vanleg, og strekspelarane som er der no er ganske bankers. Så eg har fått beskjed om at det ikkje blir noko OL om det ikkje skulle skje noko spesielt. Og det trur eg no ikkje, seier ho.

To strekspelarar

Thorir Hergeirsson

NEI: Thorir Hergeirsson tek ikkje June Andenæs med seg til London, men vurderer henne framfor VM i desember.

Foto: Bagger, Henrik / SCANPIX

Landslagsleiinga har allereie gjeve Andenæs signal om at ho er aktuell for EM i Nederland i desember. For når landslaget reiser til OL i verdsmetropolen London 27. juli til 12. august er det med ein mindre tropp enn vanleg.

Med berre to strekspelarar i troppen skal mykje til for at desse ikkje heiter Heidi Løke og Marit Malm Frafjord. Andenæs hadde håpa å bli eitt tredjeval, som steppar inn dersom noko skulle skje med Løke eller Malm Frafjord, men glopparen trur denne går til Isabell Blanco.

– Eg reiser no ned og tenkjer at eg får god trening. Det blir samling med dei beste spelarane, så eg vil få god sparring, seier Andenæs.

Til VM i staden?

Sommaren kan likevel by på meisterskap for 28-åringen. Aktuell også for beachlandslaget i handball, var ho i helga med på førebuinga til sommarens VM i Oman.

Her skal tittelforsvarar Norge møte Kroatia, Danmark, Italia, Kina, Urugay og Australia. Dermed kan OL-førebuinga med A-landslaget bli førebuing til Beach-VM.

– Ja, eg må tenkje det. Eit VM hadde absolutt vore verd å få med seg, seier Andenæs.

Går glipp av beachsamling

På grunn av OL-førebuingane i portugisiske Algarve, får ikkje strekspelaren frå Gloppen med seg neste samling med beachlandslaget.

– Det blir spennande å sjå korleis dei vurderer det. Eg følte i alle fall at eg gjorde det bra no, og presterte godt. Men får berre sjå. Eg har i alle fall gitt beskjed om at eg har veldig, veldig lyst til å vere med, seier 28-åringen.

Vart vraka i 2009

Andenæs var i 2009 med på alle beachsamlingar framfor EM på heimebane. Då dei norske stjernespelarane vart hyra inn som publikumsmagnetar, fekk ikkje glopparen plass i meisterskapstroppen.

På grunn av spel med A-landslaget måtte ho ein periode også velge vekk beachlandslaget.

– Då var eg veldig skuffa. Kanskje eg er aktuell no for å gjere opp for at eg ikkje får vere med i OL i sommar, ler ho.

To landslag

Andenæs scora førre sesong 63 spelemål på 18 kampar for Byåsen. Trondheimsklubben vart nummer to i den norske serien. Dei gjekk til sluttspel finalen i Norge, og nådde kvartfinalen i cupvinnarcupen.

– At du no er aktuell for både A-landslaget og beachlandslaget, viser vel at du har gjort dine saker bra sidan du reiste frå Gloppen?

– Ja, eg likar å bli betre, og har ikkje så lett for å gje opp. Men eg hadde aldri trudd at eg skulle spele handball på dette nivå i ein alder av 29 år, ler ho.