Hopp til innhold

Glomnes er ny talentsjef i Førde

Torbjørn Glomnes vart tysdag ettermiddag tilsett som talentutviklar i Førde.

Knut Erik Folland og Torbjørn Glomnes

SNART PÅ SAME LAG: Trenar Knut Erik Folland (t.v.) og Torbjørn Glomnes kan om kort tid vere å finne i trenarapparatet til Førde i 2. divisjon.

Foto: Oddleif Løset

- Vi er i forhandlingar med Torbjørn Glomnes, og reknar med å få ei avklaring på dette ganske fort, sa Rasmus Værn til Sogn Avis tysdag.

Vil ha kompetanse på spelarutvikling

Værn er styreleiar i Førde Fotball, og var då i ferd med å sikre seg den tidlegare suksess-trenaren i Sogndal. Glomnes skal fungere som talent- og spelarutviklar i Førde, samstundes som han blir assistenttrenar for 2. divisjonslaget til klubben.

– Det er alfa omega for oss som klubb at vi blir betre på dette området, då vi ønskjer at unge spelarar skal sjå på Førde som ein attraktiv arena å utvikle seg vidare på. Torbjørn har stor kompetanse innan talentutvikling, og vil difor bli ein viktig mann for oss, seier Værn.

Han håpar Glomnes kan vere med og gjere Førde meir attraktiv for unge spelarar.

Er i dialog - ingenting avgjort

Tysdag ettermiddag vart det klart at Glomnes og Førde kom til semje i forhandlingane.

- Eg gler meg som ein unge til å ta fatt på arbeidsoppgåvene, og byrjar allereie i dag på jobb, seier Glomnes til firda.no.

Glomnes trekte seg i vinter frå jobben i Sogndal, etter at han hadde vore i klubben i ti år. Seinare kom det fram at han gav seg etter intern usemje.

LES OGSÅ:

- No har vi rekruttert ein trenar som kjenner fylket betre enn dei fleste, og som samstundes har kompetanse frå øverste hylle, seier Førde-trenar Knut Erik Folland til avisa.