Hopp til innhold

Glitter og stas for opera Nordfjord

Opera Nordfjord og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 600 000 kroner meir kvar.

Opera
Foto: NRK

Kari Standal Pavelich

Kari Standal Pavelich

Foto: NRK

Leiar Kari Standal Pavelich for Opera Nordfjord jublar over pengane, og seier at det var meir enn dei forventa.

- Dette sikrar drifta vår neste år, og vi kan satse litt ekstra på nyproduksjonen vi skal ha neste haust. Det vert ein nordenpremiere på ei operette, og vi skal sy alle kostyma frå botn av. No kan vi spandere på oss litt ekstra glitter og stas, seier Standal Pavelich.

Som forventa for teateret

Sogn og Fjordane Teater får 547.000 kroner meir i forslaget for statsbudsjett neste år. Dette gjer at teateret kan halde fram med den omfattande turneverksemda i fylket.