NRK Meny
Normal

Gliser etter pangåpning

NORDFJORDEID (NRK): Nye mattrendar skapar nye arbeidsplassar. I løpet av kort tid har eit lite bakeri på Nordfjordeid fått fem-seks personar på lønningslista.

Leon Knapskog

PANGSTART: Snart jobbar 5–6 personar ved Minibakeriet på Nordfjordeid

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I ei tid der daglegvaremarknaden i Noreg er delt mellom tre store aktørar, og der stadig færre avgjer kva nordmenn har i kjøleskapet, har fleire nisjematprodusentar over heile Sogn og Fjordane sett moglegheiter.

Lang kø

Då Minibakeriet starta på Nordfjordeid var det køar frå butikken og ut i Eidsgata. Men sjølv fleire månadar etter starten opplev eigar Leon Knapskog framleis at køen av og til går ut i gata.

– No er jo butikken ganske liten då, ler Knapskog, Men at starten har knust alle forventningar, og at trenden ser ut til å halde seg gjer at stemninga er lett i bakeriet.

– Det er så kjekt, det er rett og slett heilt utruleg fantastisk, seier Knapskog.

– Overvelda

Knapskog sel ikkje berre lokalmat, men også importerte varer som ein ikkje finn i vanlege butikkar.

– Det er alltid folk som er viljuge til å betale litt meir for kvalitet. Eg er heilt overvelda over responsen på Eid, og korleis folk har motteke oss.

Utvidar drifta og tilset fleire

No utvidar Minibakeriet drifta og satsar på ytterlegare ein kokk på lønslista, det skjer kort tid etter at kokk Øyvind Haugland også flytta heim til Eid etter å ha jobba på restaurant i Lofoten. Totalt vil det framover vere 5–6 personar som jobbar i det vesle bakeriet i Eidsgata. Tre av dei er utdanna kokkar med erfaring frå ulike restaurantar både i Norge og utlandet.

Linda Balsnes ved Minibakeriet

NYBAKT: Nisjemat blir stadig meir populært, det nyt stadig fleire godt av.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Frå lærar til bakar

Linda Balsnes gjekk i vår frå jobb som førskulelærar til å bli bakar. Det betyr å stille på jobb grytidleg, men med meir fritid midt på dagen.

– Det har gått forbausande bra, det er jo eigentleg litt herleg å berre stikke ut av huset og jobbe medan mannen styrer borna, ler småbarnsmora.

Faste leveransar

Minibakeriet har sikra seg faste leveransar fleire stader i Nordfjord. Det gjer at verksemda har sikra seg omsetnad i botn. No har dei i tillegg fått 60 000 kroner i støtte frå Nordfjord Vekst for å utvide drifta.

– Vi vil ikkje bli så mykje større enn vi er, men i tillegg vil vi lage andre typar produkt som vi vil selge i butikken, seier Knapskog.

Minibakeriet på Eid

BAKARAR: Linda Balsnes, Leon Knapskog, Svein-Inge Buhrmann og Øyvind Haugland, ein av dei tilsette er på ferie og til hausten kjem endå ein kokk frå Bergen til bakeriet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune