Hopp til innhold

Får ikkje hoppe verdscup i treningsbakken

Anders Fannemel landa på 87 meter og må laurdag sjå sitt andre strake verdscuprenn frå tribunen.

Anders Fannemel

MÅ VENTE: Anders Fannemel trenar til dagleg i hoppbakkane på Lillehammer, men må vente til søndag før han igjen får konkurrere der.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

Honndølen kvalifiserte seg ikkje i Kuusamo, og var fredag mellom fem norske hopparar som ikkje blir å finne på bommen laurdag.

Nedtur for ein Anders Fannemel som i fjor kvalifiserte seg for nærast det som var av hopprenn.

– Eg er litt skuffa, men det var min eigen feil. Teknikken klaffa ikkje og eg trøbla i tilløpet slik at eg ikkje fekk energi inn i hoppet, seier hopparen til NRK.no.

Ser fram til søndag

I tilsvarande renn i treningsbakken sin i fjor, vart Fannemel nummer seks. Så langt i år har resultata uteblitt for hopparen med verdas nest lengste hopp.

Frå sesongavslutninga i fjor til no, er ein sjuandeplass einaste plassering blant topp ti.

– Eg har ingen grunn til å vere høgt oppe, men heldigvis snur det fort i skihopping. No skal eg trene godt i storbakken fram mot søndagen. Då reknar eg med å vere tilbake. Då skal eg få opp att sjølvtilliten, seier han.

– Tek det med ro

I tillegg til Fannemel må Anders Jacobsen, Daniel-Andre Tande, Fredrik Bjerkeengen og Kim Rene Elverum følgje rennet laurdag frå tribunen. Ole Marius Ingvaldsen, Tom Hilde, Robert Johansson, Andreas Stjernen, Mats Søhagen Berggard og Rune Velta får hoppe.

Sjølv om teknikken ikkje har stått Fannemel bi den siste tida, ventar han og held fram arbeidet sitt.

– Det er ingen grunn til å grave seg ned no. Eg tek det litt med ro, men veit eg må gjere ting annleis, seier han og held fram:

– Det er litt tilfeldig kva tekniske feil ein gjer. Nokre gonger slår det berre ut med eit par meter, men feilen i dag blir ein straffa veldig hardt for.

Heiar på dei andre

– Eg kjem ikkje godt nok ned på beina i tilløpet, blir trykt feil veg og då blir det berre heilt tomt det som skjer på hoppet, seier han.

Fannemel er likevel optimist med tanke på kvalifiseringa og verdscuprennet i stor bakke på søndag.

– Laurdag blir det først ei fysisk økt på dagtid, så skal eg heie på dei andre frå tribunen, før det blir hopptrening i storbakken på kveldstid.