Hopp til innhold

– Eg vil ikkje leve eit roleg liv

JØLSTER (NRK): Magnus gler seg til trampolinesesongen er i gang. Då skal han hoppe og filme seg sjølv til Youtube. Men fyrst må han klare dei vanskelege triksa frå i fjor.

Magnus Kjølsnes hoppar 5 timar om dagen

SPENT: Magnus Kjøsnes er spent og nervøs på om han klarar trikset frå i fjor. Foto/redigering: Signe Fuglesteg Luksengard (NRK)

Saman med bror og kameratar hoppar Magnus Kjøsnes fleire timar kvar dag på trampoline i hagen. Det er moro både der og då, men også i ettertida. Magnus lagar nemleg filmar av det, som han deler på Youtube.

– Eg får motivasjon av tilbakemeldingar og ynskjer å bli kjent via Youtube, fortel han.

Viktig å vere nøye

Men for å bli kjent må han øve og trampolina byggast opp. Det er viktig å gjere arbeidet med oppsett godt og nøye. Særleg er det viktig med nett. Magnus kjenner seg tryggare når det er oppe: i fjor hamna han på toppen av nettet i eit hopp. Hadde ikkje det vore der kunne han dette rett i bakken.

– Eg trur mamma og pappa av og til er litt nervøse, men eg har heldigvis god kroppskontroll, smiler 12-åringen.

Magnus Kjølsnes

GLER SEG Magnus Kjøsnes kan knapt vente til trampolina er oppe.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Sosiale medium

Magnus er den einaste i Jølster som filmar hoppinga, redigerar det på iPaden og legg det ut på Youtube. På den måten kan andre lære av han og han lære av andre. Han er heilt klar på kva som skal til for å bli kjent.

– Venner som støttar meg og hjelper meg, søsken som gjer meg nok sprett til å klare å hoppe høgt så eg rekk ta triks, og at eg får motivasjon på sosiale medium, fortel han.

Spent

– Eg er litt nervøs for om eg klarar dette, fortel Magnus. Han har trena på triks i turngruppa i løpet av vinteren, men har ikkje hoppa på trampoline sidan i oktober.

Montering av Trampoline

MONTERING: Både Magnus, veslebror og far er med og montørar trampolina. Det er eit puslespel å sette saman.

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / NRK

Han startar å hoppe. Broren hoppar for å gje han sats. Ein. To. Tre. Far knip auga att, og Magnus flyg høgt. I lufta snurrar han to rundar baklengs og landar på føtene. Eit jubel høyrest og eit stort smil brer seg om Magnus sitt fjes.

– Eg greidde dobbelt baklengs salto og landa på føtene på fyrste forsøk, ropar Magnus.

– Korleis kjennest det?

– Eg er litt imponert over meg sjølv for at eg framleis klarte det.