– Kva skal du gjere i påska?
– Det blir nok hytte på fjellet og ski.
– Kva betyr påska for deg?
– Gjensyn med fjell og ski. God bok og kos.
– Klarer du å legge vekk mobil/pc når du har påskeferie? Eller er du like mykje "på" som vanleg?
– Eg prøver å legge det bort i periodar. Blir mindre, MEN kunne vore flinkare.
– Har du nokre spesielle påsketradisjonar?
– Gjennom mykje flytting og reising har dei blitt borte. Forresten, påskelammet er tradisjon.
– Har du barndomsminne frå påska du vil dele med andre?
– Flotte skiturar i fjella i Hornindal. Og gutetur til seters på ski om natta.
KEEPERTRENAR: Etter mange år på bana, trenar han no andre målvakter.
Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix– Om folk kjedar seg i påska, har du forslag til ein morosam aktivitet?
– Påskekrim er jo ein tradisjon for mange. Balanseline i hagen. Perfekt for alle, nesten.
– Les du bøker i påska? Og om du gjer det, har du ei bok du kan anbefale til andre?
– Det blir ein lettlesen krim. Eg har ikkje kjøpt enno, kanskje Nesbø?
– Har du eit brettspel eller kortspel som er din favoritt?
– Plump (bondebrigde) er kortspelet som fotballspelarar har spelt i årtier. Det funkar enno.
– Kva er din favorittsong/dine favorittsongar for tida?
– Favorittsong er Journey ”Don`t Stop Belivin”. Og Coldplay med “Everglow.”
– Du hadde jo stor suksess i serien Mesternes Mester på NRK1 og kom heilt til semifinalen. Har du nokre andre spennande planar framover?
– Ikkje meir reality i alle fall, hehe. Men vinne kampar med landslaget og sjå Sogndal vinne.
– Og til slutt. Har du lyst å komme heimatte til Sogn og Fjordane?
– Sakner fjell og fjord. Ein veit aldri kva tida bringar.
- Les også:
- Les også:
- Les også: