Hopp til innhold

I dag møter ho gamleklubben for første gong

Malene Solheim er spent, men mest gira, før ho skal møte gamleklubben Oppsal to gonger på fem dagar.

Malene Solheim

KJEKT: Malene Solheim frå Dale ser fram til å vakte buret når Glassverket møter gamleklubben hennar Oppsal. Til høgre Hege Bakken Wahlquist frå Årdal, som også spelar for Glassverket.

Foto: Peter Tubaas

Dale-jenta vaktar buret for Glassverket, og har ein tremånaderskontrakt for handballklubben.

Laget møter serietoar Oppsal på heimebane i serien søndag, deretter på bortebane i cupen på torsdag. Det er første gong Solheim møter gamleklubben sin etter comebacket.

– Eg kjenner det er noko spesielt og er spent. Men først og fremst gler eg meg. Eg vert sjølvsagt ekstra gira når vi møter Oppsal, seier Solheim til glassverketelite.no.

Overtalt til å ta vikarjobb

Solheim var éin sesong i Oslo-klubben, og har klart for seg kva som ventar dei neste to kampane.

– Eg kjenner dei godt, så vi kjem til å vere godt førebudde. Eg vil bruke den erfaringa eg har positivt, og får eg sjansen til å spele, skal eg bruke den godt, seier Solheim.

30-åringen vart overtalt til å ta ein vikarjobb for ei skadd Sissi Karlsson for fire veker sidan. I tillegg til å ha vakta målet på straffekast, fekk ho også speletid då laget møtte Storhamar, og ho stod heile kampen mot Grane.

– Eg har ikkje angra, og visste kva rolla mi var då eg takka ja. Eg har hatt mange gode opplevingar på handballbana, og med jentene både som lag og einskildpersonar. Det har berre vore positivt, seier Solheim.

Var gamle kjende

I Glassverket kjende ho fleire spelarar frå før, men aller best Hege Bakken Wahlquist frå Årdal.

– Eg spelte i Jotun då Hege var bittelita. Eg var vel 19 og Hege rundt 10. Ho var eit multitalent både i fotball og handball, som det var mykje snakk om. Eg hugsar ho var ute og leika på bana i pausane, seier Solheim.

– Eg hugsar Malene godt frå den tida. Alle på damelaget var førebilete for oss små den gongen, seier Wahlquist.

Seinare spelte Solheim fire sesongar i Sola, to av dei saman med kantspelaren frå Årdal.

– Der vart eg ein slags verje for Hege. Eg kjende på at eg hadde eit visst ansvar når eg hadde fått henne til Sola. Det var naturleg å gjere det eg kunne for at ho skulle trivast, sidan eg kjende ho frå før. Men no vert det litt omvendt, seier Solheim.

Har bytt roller

– Ja, no har vi bytta roller. Eg trur nok ho klarar å ta are på seg sjølv, men det er koseleg å ha henne med på laget, og vi prøver å ta godt vare på henne, seier Wahlquist.

Ho var ute halvanna år med ein alvorleg kneskade ho fekk i kampen mot Stabæk i 2012. Solheim sat då på tribunen og såg med ein gong at det var ein alvorleg skade.

– Det vart vondt å sjå eit stort handball- og treningstalent få ein slik skade. Men eg var sikker på at ho ville komme tilbake. Det er så kjekt å sjå henne på bana att no, endå sterkare enn det ho var, seier Solheim.