NRK Meny
Normal

Gler seg til å få utvikla seg vidare

Karoline Erdal synest det er stort at ho no er utteken på utviklingslandslaget til skiskyttarforbundet.

Karoline Erdal

– VELDIG KJEKT: Karoline Erdal har nådd eitt av måla sine - å kome inn på utviklingslandslaget.

Foto: privat

– Det er veldig, veldig kjekt. Det er noko eg har hatt som mål lenge å kome meg inn på det laget, slik at eg får utvikla meg endå meir i lag med dei beste. Alle skal hjelpe alle, så eg trur det kan bli veldig bra, seier jenta frå Førde.

Ho kan sjå tilbake på ein sesong der ho tok store steg som skiskyttar, det heile vart krona med gull i junior-VM.

– Det er heilt uverkeleg. Å bli verdsmeister er noko eg har drøymt om lenge, men det har vore eit langsiktig mål. Det var stort berre å kome til junior-VM, når eg då tok gull var det fantastisk. Sesongen har vore veldig bra i det store og heile.

Karoline Erdal

– UVERKELEG: Karoline Erdal tok gull i junior-VM, noko ho hadde vanskar med å fatte.

Foto: Norges Skiskytterforbund.

Junior-VM det store målet

No er ho heime i Førde og har ikkje tenkt så veldig mykje på neste sesong.

– No slappar eg av og nyt vêret her heime, så skal eg tenke meir på sesongen etter kvart. Men eg har som mål å kome til junior-VM også komande sesong. Det blir det store målet.

– Ligg det lengre fram i planane dine å få gå verdscuprenn?

– Eg trur ikkje eg skal ha det som mål komande sesong, men kanskje sesongen etter.

Sjølv om Karoline Erdal er teken ut på eitt av landslaga innan skiskyting vil ho framleis konkurrere i langrenn.

– Eg vil gå dei norgescuprenna eg kan, for det er god kapasitetstrening å matche seg med langrennsløparane. Men det er sjølvsagt skiskyting eg prioriterer.

På utviklingslandslaget får ho Roger Grubben som trenar. Han er kjend som tidlegare trenar for kvinnelandslaget. Dei sju andre på laget er Eline Grue, Kvikne IL, Kristin Våga Fløttum, Skaun IL, Emilie Ågheim Kalkenberg, Skonseng UL, Kristina Skjevdal, Røros IL, Ida Lien, Simostranda IL, Mathea Tofte, Vingrom IL og Kirsten Daae Wiig, Ullensaker SK

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser