NRK Meny
Normal

Gler seg over skryt til forskingsmiljø

Forskingsrådet har evaluert dei samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta i landet. Vestlandsforsking med sine 30 tilsette får toppkarakter.

Trude Brosvik

ÅLEINE: Trude Brosvik trur forskingsinstitutta kan stå føre store endringar, men ynskjer at Vestlandsforsking skal halde fram åleine.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er ikkje overraska over at vi får kjempehøg score på alt vi er vurdert etter, seier styreleiar Trude Brosvik. Fem tekno-prosjekt skal gje deg ein betre alderdom

Forskingsrådet har nyleg lagt fram ein omfattande rapport der dei har sett på kva forskingsinstitutta rundt om i landet bidreg med. Ifølgje rapporten leverer Vestlandsforsking kunnskap av høg kvalitet både til offentleg og privat sektor. Det 30 år gamle instituttet som held til i Sogndal har spesialisert seg på emne som klima, miljø, reiseliv og teknologi i samfunnet.

– Vi får gode tilbakemeldingar frå dei vi samarbeider med, departementet og andre som kjenner forskinga vår, seier Brosvik.

Lukkast med forskingssatsing

Instituttet har no fleire høgaktuelle prosjekt på gang.

Merete Lunde i Vestlandsforskning

NØGD: – Styrken vår ligg i det tverrfaglege forskingsmiljøet, meiner direktør Merete Lunde.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

– Vi har eit internasjonalt prosjekt om å forstå sosiale medium si rolle i krisesituasjon, korleis nødetatar kan stole på informasjonen. Neste veke legg vi fram kunnskap frå eit klimaprosjekt om kva som skjer i skianlegga framover med utfordringane vi har med mindre snø, fortel administrerande direktør i Vestlandsforsking, Merete Lunde.

Samarbeid på tvers av landegrensene har vore prioritert frå instituttet, og dei har lukkast. I overkant av elleve prosent av driftsinntektene til Vestlandsforsking er henta frå EU-midlar. Av dei 22 institutta som er granska, er det berre tre andre som hentar ein større del av inntektene sine via internasjonale oppdrag.

– Vestlandsforsking klarer å kombinere det regionale aspektet med det internasjonale, seier seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet sin forskingsavdeling, Gørill Kristiansen i ei pressemelding.

Kan bli endringar i sektoren

– VI har gode folk, og satsa på emne som passar godt med andre strategiar som ligg føre, seier Brosvik om suksessen.

Noko av bakgrunnen for kartlegginga som er gjennomført handlar om at styresmaktene ynskjer meir kunnskap om kvaliteten og tilstanden i sektoren. Høgskulesektoren har siste tida vore gjennom store omorganiseringar og fusjonar, og Brosvik trur forskingsinstitutta kan stå føre ei liknande endring.

– VI vurderer heile tida dei strategiske måla våre, men vi vil halde fram åleine. Det som er viktig er at vi leverer relevant og god forsking. Vi samarbeider gjerne med andre i utlandet eller her heime, men ein treng ikkje slå seg saman så lenge det ein leverer er bra.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser