Hopp til innhold

Gler seg over rekordtidleg fruktbløming

Etter ein mild vinter og ei varm påske står frukttrea i blomst fleire stader. Bløminga er rekordtidleg og kan gje ein ekstra lang sesong.

Frukttre blømer allereie i april

BLØMER: Her i Gloppen står plommetrea allereie i full blomst. – Veldig spesielt, seier Stein Harald Hjeltnes ved Njøs Næringsutvikling.

Foto: Rune Vereide

Ekspertane er alle samde om at bløminga vi no er vitne til er spesiell.

– Dette er veldig spesielt. Det sjeldan vi ser så tidleg blomstring, seier Stein Harald Hjeltnes ved Njøs næringsutvikling i Sogn.

– Det er rekordtidleg, samanlikna med i fjor ligg vi ein månad tidlegare, seier Jens Terje Hammervoll ved Sognefrukt.

Blant dei tidlegaste sidan 1927

Det er ingen tvil om at våren er komen til Sogn og Fjordane no. Og den milde våren har ført til rekordtidleg bløming i frukt- og bærhagar, og på engene.

Njøs næringsutvikling Sogn har ført statistikk heilt tilbake til 1927, men berre to gonger på 1990-talet kan bløminga ha vore like tidleg.

Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes gler seg over den tidlege bløminga.

– Det ser veldig flott ut. Det er mykje blomster no, og det ser ut til å bli eit veldig bra fruktår om ikkje kulden kjem tilbake.

– Det er mykje insekt ute, både humler og bier, og dei har gode forhold.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fruktbløming Lærdal

MORELLAR: Også i Sogn står frukttrea i full blomst i midten av april. Her frå Ljøsne i Lærdal.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Fryktar frosten

Den største trusselen mot ein tidleg frukthaust er frosten og minusgradene.

– Det er noko vi alltid er redde for. Regnet er ikkje så gale, og kan vere nødvendig om ikkje så lenge. Men får vi netter med ned mot 0 grader og kaldare kan dette gå gale, seier han.

– Kva er fordelen med tidleg bløming?

– Det betyr at du får ein lengre sesong, og kan kome tidlegare på marknaden med dei tidlege sortane. At du får ein lengre salssesong er ein stor fordel, seier han.

Ved Sognefrukt kan dagleg leiar Jens Terje Hammervoll også slå fast at bløminga er tidleg, for alle sortar frukt.

– Det ser rimeleg bra ut, seier han godt nøgd.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arve Arstein

GLAD: Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving ventar rike avlingar etter den tidlege blomstringa.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Trur på gode avlingar

Også for jordbruksbøndene er den milde og varme våren godt nytt. Arve Arstein i Norsk Landbruksrådgjeving seier dei no kan vente seg rikelege avlingar.

Sist sommar var svært dårleg for mange bønder, og det har blitt betalt ut rekordhøge erstatningar for avlingssvikt. I år er situasjonen altså ein heilt annan.

– Per i dag ligg vi veldig godt an, jublar han. Vi har hatt ein god vinter med tanke på overvintring for gras, og vi veit det vart sådd mykje ny eng i fjor.

Han seier førsteårseng er det som normalt sett gir best avling, og at dei delane av fylket der det er mykje nysådd eng kan vente seg eit veldig bra år i år.

– Også elles ser det ut til at det kan bli eit bra år, men mykje kan framleis endre seg, understrekar han.