NRK Meny
Normal

Gler seg over rekorddeltaking

I alt 35 skular vil vere med på Klassequizen 2017 i Sogn og Fjordane. Det gler den nye quizmasteren, Aleksander Åsnes.

Aleksander Åsnes
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Aldri før har det vore så mange skular med. Og eg gler meg til å reise rundt og få sjå kvar krik og krok av fylket og treffe ungdommar.

Det er klart for den femte sesongen med NRK si spørjetevling for tiandeklassingar i Sogn og Fjordane. Dei to første åra måtte vi ringe rundt til skulane for å minne dei på invitasjonen. I startåret kom vi opp i 27 skular.

Sidan har talet auka litt kvart år.

I år har vi ikkje ringt ein einaste skule for å purre. Likevel har 35 av 45 skular med ungdomssteg meldt seg på. Det tyder på at både elevar og lærarar no veit kva Klassequizen er, og at dei synest det er kjekt å ha ei slik ekstra utfordring å bryne seg på.

«Tek utfordringa»

«Fekk brev om påmelding til Klassequizen i dag, og elevane sa med ein gong at dei ville vere med», står det til dømes i påmeldinga frå Dalsøyra skule i Gulen.

«Elevane har sagt ja til å delta i Klassequizen 2017. Dette er ein motivert og kunnskapsrik klasse, og elevane er veldig positivt innstilt til konkurransen. Med andre ord; dei tek utfordringa frå NRK», skriv kontaktlæraren ved Aurland barne- og ungdomsskule.

I vår gjekk Førde ungdomsskule til topps i fylkesfinalen: Klare for landsfinalen – no skal dei øve

SOGN OG FJORDANE: Førde ungdomsskule

VANN I 2016: Laget til Førde ungdomsskule. Frå v. Pål Erik Flølo, Ingrid Bolstad og Jenny Heggheim Myklebust.

Foto: Kaja Figenschou / NRK

Travel vinter for Aleksander

Aleksander Åsnes får ein travel vinter. Han skal vitje 35 skular og stille til saman 374 spørsmål. Men han forsikrar at han går til oppgåva med liv og lyst.

– Eg gler meg til å få reise rundt og få sjå kvar krik og krok av fylket, og treffe kjekk ungdom.

Han seier at det ikkje finst nokon kjapp snarveg om ein vil gå til topps i Klassequizen.

– Det er berre å ta fram leksikonet og starte på A, fleipar han.

– Nei, det er vanskeleg å førebu seg til quiz. Men det er viktig å ha litt kunnskap i botnen, og så fylgje med i nyheitsbiletet.

TV-finale i mai

Til no har ikkje skulane som har vunne i Sogn og Fjordane hevda seg heilt i toppen i landsfinalane, men Åsnes har god tru på at det kan endre seg i 2017.

Han startar på turneen sin tidleg i januar og reknar med å ha stilt spørsmåla sin til skule nummer 35 ein gong i mars. Deretter blir det fylkesfinale mellom dei skulane som har flest poeng, og så TV-send landsfinale i mai.

Enno er det ikkje sett opp terminliste. Det blir gjort i starten av desember. Til høgre ser du ei liste over dei 35 påmelde skulane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå