Hopp til innhold

Gler seg over nye oppgåver

Fylkespolitikarane kan få meir makt og mynde over kvardagen vår. Eit ekspertutval vil flytte ei rekke tunge oppgåver over frå staten til fylkeskommunane.

Jenny Følling

NØGD: Jenny Følling (Sp) er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Dette er ei rett avgjerd, og no er det viktig at Stortinget følgjer opp, seier Jenny Følling som er fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

Onsdag føreslo eit ekspertutval at om lag 5000 arbeidsplassar og 24 milliardar kroner i oppgåver skal flyttast frå statlege direktorat og over til dei nye storfylka.

– Vert dette gjennomført så vil det verte meir interessant å vere fylkespolitikar. Då får du både oppgåver, heilskapleg planlegging og vektøy til å sette tiltak ut i livet, seier Følling.

Større budsjett

Totalt vil forslaga medføre ei budsjettauke på 23,5 milliardar, som svarar til ein auke i rammebudsjettet for fylkeskommunane på 32 prosent.

På kulturområdet føreslår ekspertutvalet overføring av eit stort ansvar ved å desentralisere ansvaret for ei rekke tilskotsordningar frå Kulturrådet til fylkeskommunane. I strategien til utvalet ligg det at kultur- og identitetsbygging er ein sentral suksessfaktor i bygginga av nye, heilskaplege regionar.

– Det er mykje i dette forslaget innan kultur som er bra. Det vert foreslått å overføre oppgåver som i dag ligg til Kulturrådet, og tilskotsmidlar som departementet rår over til fylkeskommunane, seier Følling

Vil jobbe for nye oppgåver

– Regionalpolitisk styring med overføring av viktige verkemiddel og ansvar vil gje fylka eit langt større moglegheit til å samordne innsats innanfor samferdsle, næring, klima og miljø, seier Følling.

Ho er nøgd med at alle oppgåvene fylka hadde med på si krav lista er med i forslaget frå Ekspertutvalet, i tillegg til at dei har fleire eigne forslag.

– Så ekspertutvalet har levert. Leiaren i ekspertutvalet seier at dess oppgåvene i stor grad kan gjennomførast frå 01.01.2020, seier Følling.

I tillegg seier ekspertutvalet at dei vil sjå på organisering av helseføretaka, og der fylka kan vere ein mogleg modell.

– No blir det opp til Stortinget å sette dette ut i livet. Vi kjem til å kjempe med nebb og klør for at fylka skal få mest mogeleg oppgåver, seier Følling.