- Eg tykkjer det er kjempebra eg, seier Svein Hansen, som er leiar i sjukehusaksjonen i Nordfjord, når han omtalar utspelet frå legane ved Nordfjord sjukehus om å lage eit fakkeltog mot nedskjeringane ved sjukehuset.
- Dei tek pasienten på alvor og viser det for omverda. Det er som det skal vere når legane seier at deira lojalitet er til pasientane, og ikkje arbeidsgjevaren, seier Hansen.
- Lojale mot legeeiden
Barnelege Ole Sverre Haga ved Nordfjord sjukehus sa torsdag at legane ved sjukehuset aksjonerer fordi dei meiner dei først og fremst har lojalitet til pasientane og legeeiden. (Sjå Bryr seg ikkje om helsedirektøren.)
- At Helse Førde kjem i vegen for oss og hindrar oss å vere lojale overfor legeeida vår reknar eg med vi har både Vår Herre og juristane i landet med oss på, sa Haga torsdag.
Rune Larsen meiner utsegna om lojalitet er "litt uheldig". (Foto: NRK)
- Litt uheldig utsegn
Men utsegna til Haga vekkjer reaksjonar også innanfor legestanden:
- Det er nok ei litt uheldig utsegn, seier seier Rune Larsen, som er tillitsvald for sjukehuslegane i Sogn og Fjordane.
- Men eg ser jo at fagolka kan kome i ein situasjon der dei føler at det ein samvitskonflikt mellom det som arbeidsgjevar seier og det som deira lokale innsikt tilseier.
Adm. dir. Jon Bolstad i Helse Førde ønskjer ikkje konfrontasjon med legane i Nordfjord. (Foto: S. Lote, NRK)
Ønskjer ikkje konfrontasjon
Leiinga i Helse Førde ønskjer ikkje nokon konfrontasjon med legane ved Nordfjord sjukehus etter utsegna om lojalitet, seier administrerande direktør Jon Bolstad:
- Dette er jo ei spissformulering som kanskje er litt uheldig i den forstand at det går kanskje an å ivareta fleire omsyn her på ein god måte, utan at ein skal skape unødvendige konfliktar, seier Bolstad.
- For meg handlar dette om at eg i utgangspunktet oppfattar at vi har eit godt samarbeid med Nordfjord sjukehus, og eg tykkjer faktisk det er verdfullt å halde fram på den lina. Då ønskjer ikkje eg å bidra til å spisse ein diskusjon kring omgrepet lojalitet.
Rolleforståing i retur
Torsdag sa administrerande direktør Jon Bolstad i Helse Førde at legane ved Nordfjord sjukehus ikkje har rett rolleforståing når dei aksjonerer. Men sjukehusaksjonist Svein Hansen sender denne påstanden i retur:
- Når det gjeld rolleforståing trur eg det er Helse Førde som bør gå i seg sjølv og sjekke kva rolle dei har. Dei har i alle fall ikkje den rolla at dei ivaretek pasienten.
Styreleiar Tore Thorsnes.
Ullen Thorsnes
Styreleiar i Helse Førde, Tore Thorsnes, har denne kommentaren:
- For meg er det jo slik at legane sjølvsagt skal utføre tenesta si i forhold til det regelverket som gjeld.