NRK Meny
Normal

Utbyggjarar med hårete mål - gler seg over at stadig meir går i boks

Planane om ei gondolbane frå fjorden og opp til 1008 meter i fjellet over Loen vil kunne setje Nordfjord på kartet internasjonalt. Stadig fleire bitar fell no på plass for det storstila prosjektet.

Richard Grov og Rune Holen om planane for gondolbane i Loen

LUFTIGE PLANAR: I fjellet Hoven bak dei har utbyggjarane i Loen planar om ei gondolbane. Her representert ved Richard Grov (til venstre) og Rune Holen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Inst i Nordfjord ligg allereie mykje til rette for å lokke turistar frå inn- og utland. Ved cruisekaia i Olden går det til dømes i land fleire titals tusen turistar kvar sommar.

I fjellet over Loen kan folk utfalde seg i den spektakulære klatrestien Via Ferrata, og lengst inne i Briksdalen kan folk nyte synet av fantastisk brenatur.

Men reiselivet i området er ikkje mette. Ei prosjektgruppe er no godt i gang med å få realisert dei spenstige planane for ei gondolbane opp til fjellet Hoven, like bak hotellet i Loen.

Utbyggjarane vil gjere regionen endå meir attraktiv.

– Vi treng hårete reisemål som dette. Skal vi konkurrere internasjonalt må vi sette oss tøffe mål, og dette er eit tøft mål som vi skal realisere i 2016, seier Richard Grov som er administrerande direktør ved Alexandra Hotel i Loen.

– Vil opne opp for svært mange aktivitetar

Saman med Rune Holen, Richard Bø og Per Helge Bø i Naturservice DA sit Grov i prosjektgruppa som håpar å realisere dei luftige planane, eit prosjekt som har fått namnet SleipnerHoven Loen 2016.

Planane går ut på å byggje ei gondolbane med plass til 45 personar. Bana skal starte heilt nede med fjorden, og ta dei eventyrlystne opp til fjellet Hoven som ligg på 1008 meters høgde. Her oppe skal det byggast restaurant, og leggjast til rette for vandrevegar og skiaktivitetar.

– Ei bane vil utløyse moglegheiter for svært mange aktivitetar i fjellområdet mellom Loen og Stryn, seier Rune Holen.

Han seier dei har som mål å få til naturbaserte aktivitetar, og seier dei vil ha noko for ei kvar årstid.

– Den vestlege delen av området passar til enkel vandring, medan den austlege delen er litt meir alpin, med tindar og brelandskap. Vi kan leggje til rette for svært mykje om vi får denne bana, seier Holen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjellet Hoven i Loen

HOVEN: Fjellet Hoven har fått namnet etter segna om Sleipner, hesten til Odin. Det blir sagt at dei to var på ridetur over Vestlandet, så Sleipner slo ein av hovane sine inn i fjellet i Loen og skapte den karakteristiske hola.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ligg utanfor verneområdet

Ein månad inn i 2014 gler utbyggjarane seg over at stadig fleire bitar av puslespelet er i ferd med å falle på plass.

Konfliktar med verneinteresser og grunneigarar, i tillegg til dårleg økonomi er alle klassiske hinder for slike prosjekt. I Loen meiner prosjektgruppa å ha god kontroll på alle tre.

– Vel to tredjedelar av Stryn kommune er verna gjennom nasjonalparkvernet, og det er vi glade for. Dette er noko vi har vore veldig obs på, men Hoven ligg i god avstand frå verneområdet.

– Likevel er her dei kvalitetane som ligg inne i nasjonalparken, med til dømes det alpine terrenget. Dette er ein veldig interessant plass som ikkje er i konflikt med nasjonalparken og verneinteressene, seier Grov til NRK.no.

Må få 150 mill. på plass i løpet av våren

Også grunneigarane i området har vore positive til planane fortel Grov, og seier dei har alle nødvendige avtalar med dei i boks.

Men det er fleire ting som står att før dei kan seie at det blir noko av gondolbana. Klarsignal frå kommunen på reguleringsplanen, og finansiering. 150 millionar kroner er det som skal til.

– Dette vil vere eit samspel mellom risikokapital, bankfinansiering og offentlege bidrag, seier Grov.

Han trekk fram at auka turisttrafikk som følgje av bana vil kunne skape nye arbeidsplassar og grunnlag for nye skatteinntekter som det offentlege har behov for.

I løpet av våren håpar prosjektgruppa at dei skal ha pengane som trengst i boks.

– Sjølve finansieringa av prosjektet er det som er mest utfordrande, det har vi sagt heile tida. Vi jobbar no målbevisst for å få på plass ei finansiering i løpet av dei komande månadane.

Gruppe av optimistar

– Klarar vi det, så greier vi i dag ikkje å sjå at det er noko som kan hindre oss ifrå å få dette til, seier Grov og får støtte frå kompanjongen.

– Dette er eit spenstig prosjekt, men vi har veldig trua på at det let seg realisere, seier Holen.

Og går det som utbyggjarane håpar kan gondolbana stå klar allereie sommaren 2016.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.