Hopp til innhold

Dei er ofte på tribuna - men Ann Kristin går best når dei er heime

Trass i at Halvor Flatland og kona Reidun Aafedt Flatland har følgt Ann Kristin på mange VM og verdscuprenn, har ho aldri fått det heilt til med dei på tribunen.

Kollage Flatland

JUBEL: Ann Kristin Aafedt Flatland kan juble for gull. Til høgre foreldra Halvor og Reidun då dei vitja Nove Mesto førre helg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTP Scanpix/privat

– Det er nok litt tilfeldig akkurat det, men det har ein tendens til at det går

betre dersom vi ikkje er der, så det var kanskje like godt at vi heldt oss heime, seier Halvor Flatland og ler.

Både han, kona og fleire andre slektningar har vore med fleire gonger når Ann Kristin har konkurrert både i VM og i worldcup. Mellom anna var dei nedover til Nove Mesto førre helg, men heller ikkje då vart det klaff for den blide jenta frå Vik.

– Litt kjipt å ikkje vere i Nove Mesto i kveld?

– Sjølvsagt hadde det vore moro å vere der, men moro var det uansett. Og det var fantastisk spennande å sjå det på TV, seier Flatland.

Passar vesle Anne

Han og kona Reidun er nemleg barnevakt for vesle Anne (9 mnd) på Ålgård medan Ann Kristin er i Nove Mesto.

– Eg og Reidun passar Anne medan foreldra er på farten. Vi blir her til måndag, så det er ein fin kombinasjon, det, seier Flatland.

Han gler seg stort på dottera sine vegner.

– Dette kjennest veldig bra. Eg trur dette var ein solid opptur for Ann Kristin i forhold til uhellet ho hadde på jaktstarten førre søndag då ho fall frå ei medalje, seier Flatland.

– At desse jentene tok gull i lag er vel eigentleg det største dei kan oppleve som skiskyttarar, seier Flatland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Glade jenter

SUPERGLADE: F.v. Ann Kristin Aafedt Flatland, Hilde Fenne, Synnøve Solemdal og Tora Berger.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB Scanpix

Har vore prega av fallet

Ann Kristin fortalde sjølv til NRK at ho sleit med å få fallet frå jaktstarten ut av hovudet, og ho var difor spent på korleis stafetten ville arte seg.

– Det har prega ho ein del, sjølv om det nok har komme seg gradvis. I dag gjekk ho ei svært god etappe, sjølv om ho var litt bak. Eg ser på etappetidene at ho hadde ei god etappe og er i slag att no. Eg har veldig tru på fellesstarten søndag, seier Flatland.

– Desse jentene har jobba veldig for kvarandre, og dei har vore opptekne av å vinne eit gull i lag. At dei gjer det er fantastisk for dei, seier Flatland.

Han snakka så vidt med dottera etter målgang, og det var ei glad jente som kvitra frå Nove Mesto.

– Ho var i veldig godt humør, og det var veldig kjekt å høyre, seier Flatland.

Har tru på fellesstarten

Pappaen er spent framfor søndagens fellesstart.

– Ho gjekk eit godt og kontrollert løp i dag, og eg såg ho var 28 sekund bak Tora Berger i etappetid. Det betyr at ho er i brukbart slag, så eg er litt optimistisk med tanke på fellesstarten, seier Flatland.

Det er nemleg ei øving som Ann Kristin likar godt.

– Alle startar samtidig, og eg ser ho har startnummer 19 og skal stå i andre rekkje. Det er tre norske jenter som skal gå fellesstarten, så eg trur det kan bli spennande og artig. Vi får sjå korleis det går, for det er mange løparar som tek til å bli slitne. På ein fellesstart og siste øving i VM, så er det moglegheiter, seier Flatland.