Hopp til innhold

Gler seg over dårleg ver

Dess surare vêret er ute, dess fleire tek turen til badeanlegg innomhus.

Lustrabadet

SOLGLØTT: Ute kikkar sola fram eit lite augeblikk, men inne held somarvarmen seg stabil.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Det er vel ikkje så mange som gler seg over dårleg ver, men det kan faktisk vi, seier Unni Åsebø, dagleg leiar på Lustrabadet.

Rundt henne sprutar vatn og frydefulle hyl gjallar i veggane. Dei tre basenga i rommet er fulle av barn og vaksne som har tatt turen innomhus på den grå dagen.

Lustrabadet, Gunn Åsebø

POSITIV: Dagleg leiar, Gunn Åsebø er spent på om Lustrabadet sprenger julirekorden frå i fjor.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Vi nærmar oss julirekorden frå i fjor. Per i dag ligg vi 1587 besøkande bak, men vi har fem dagar att, og ei regntung helg i vente. Det blir veldig spennande å sjå om vi klarar å sjå rekorden frå i fjor.

Les også: Altfor mange barn er utrygge i vannet – nå tar de frivillige tak

Varm juni

I Høyangerbadet melder dei at dei litt bak fjorårsstatistikken, grunna den varme starten på sommaren.

Lustrabadet

ADRENALIN: Er du av dei tøffaste kastar du deg i det.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Men no i det siste har det tatt seg opp, seier Sven Erik Lillehauge, som har ansvaret for den daglege drifta der.

På Havhesten i Florø har dei så langt i juli hatt 4051 besøkande, men dei reknar med å få besøk av 800 fleire før månaden er omme. I så tilfelle vil besøkstalet gå langt forbi det frå den regntunge julimånaden i fjor, med sine 4293 gjester.

– Til samanlikning var bassenget knapt besøkt godverssommaren 2014, seier Malin Eikeland på Havhesten.

Godt år

Det dårlege sommarvêr gjer store og positive utslag på billettstatistikken, og også på Hauglandsenteret, som berre har helgeope, er dei nøgde med tal billettar selde.

– Det har vore veldig bra, me ligg på godt over 700 så langt i juli, og eg reknar med me kjem opp på dei same tala som i fjor, seier dagleg leiar Inger Johanne Osland.

– I juni hadde vi knappe 300 i løpet av heile månaden, så det er heilt klart at vêret spelar ei rolle på om folk ønsker å gå inn i badeland, eller om dei vil vere ute.

Adrenalin og avslapping

På Lustrabadet ser ikkje ungane ut til å bry seg om vêret. Ein veninnegjeng frå nabolaget leikar saman, heilt til høgtalaranlegget jagar dei heim. Raude i kjakane fortel dei at her har dei det kjekt med å symje, skli og leike, opp til fleire gonger i veka.

Lustrabadet

LEIK: - Det er veldig kjekt å ha Lustrabadet rett ved der vi bur, då kan vi gå hit ofte, seier veninnegjengen ibassenget.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Hit kjem både lokale og turistar, og det passar både for store og små. Er du tøff kan du kaste deg frå fem meteren, treng du avslapping kan du gå i grotta. Dei 39 varmegradene løyser opp i ein frosen kropp, seier Åsebø.