NRK Meny
Normal

Gler seg over Arsenal-interessa

Fotballklubben Sogndal er positiv til Arsenal si interesse for keeper Kenneth Udjus.

Terje Skjeldestad

ER POSITIV: Keeper-trenar Terje Skjeldestad meiner det er naturleg at storklubben snusar på Kenneth Udjus.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Keepertrenar Terje Skjeldestad seier til Sogn Avis at han gler seg over at den engelske storklubben har følgt Udjus i det siste.

– Vi er eit springbrett for fotballspelarar. Dette vil vere ei fjør i hatten dersom ein slik klubb vil ha ein av våre spelarar, seier han til avisa.

Ein av dei beste i landet

Kenneth Udjus

Keeper Kenneth Udjus har blitt følgt av storklubben Arsenal.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Premier League-klubben har følgt Kenneth Udjus dei siste fire kampane. 28-åringen frå Sørlandet har denne sesongen stått fram som ein av dei beste keeperane i landet. Etter ein solid start på sesongen, har Sogndal tapt dei fire kampane storklubben frå England skal ha sett Udjus i aksjon.

Blir lagt merke til

Terje Skjeldestad tykkjer det er naturleg at det Udjus har prestert blir lagt merke til utanlands.

– Han sleppte inn minst mål i fjor, og byrja bra i år. Det er klart slikt vert lagt merke til, seier Skjeldestad til Sogn Avis.

Udjus kom frå Brann til Sogndal før fjorårssesongen. I fjor haust forlenga sisteskansen kontrakten med Sogndal. Den går ut etter inneverande sesong.

Følg kampen i kveld

I kveld spelar Sogndal ein viktig kamp mot Sandens Ulf. Etter ein god start på sesongen, har det blitt fire strake tap. Dette er siste kamp før Sogndal tek sommarferie. Klokka 19 i kveld brakar det laust på Fosshaugane og du kan følgje kampen minutt for minutt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.