Hopp til innhold

Gler seg over 44 nye studenthyblar

Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane får pengar til å byggje 44 nye studenthyblar.

Høgskulen i Sogn og Fjordane i Sogndal.

BYGGJER FLEIRE: Dei som skal studere ved Høgskulen i Sogn og Fjordane får 44 nye studenthyblar tilgjengeleg snart.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Samarbeidspartia Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti har vedteke å finansiere 2000 studentbustadar i Norge i 2015. Av desse hamna altså 44 i Sogn og Fjordane, 34 i Nedrehagen i Sogndal og ti i Midtåstunet i Førde.

– Vi er glade for at vi fekk auka opp talet på studentbustadar i budsjettavtalen, og særleg glade for at dette no slår så positivt ut for Sogn og Fjordane. Det styrkar Høgskulen som ein attraktiv studiestad, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn frå Venstre i ei pressemelding.

Dei fire partia meiner at god tilgang på bustadar er svært viktig for å kunne studere. Regjeringa har programfesta at den vil bygge ut fleire studentbustadar.

Stortingsrepresentant Bjørn Lødemel frå Høgre seier at vi har gode studiestadar i Sogndal og Førde og fleire hyblar gjer dei ennå meir attraktive.

– Eg er svært glad for at regjeringa og samarbeidspartia viser handlekraft og legg til rette for at studentsamskipnaden kan realisere viktige bustadprosjekt seier han.

Frank Willy Djuvik i Frp seier tildelinga er gledeleg. Det same meiner KrF.

– KrF er særs nøgde med at det vert bygt nye studentbustader i Sogndal og Førde, etter at budsjettavtalen mellom regjeringa og KrF/V auka satsinga med 500 bustader, seier fylkesleiar Trude Brosvik i Krf.