Hopp til innhold

Glede i Leirvik - nytt oppdrag sikra

Havyard har skrive kontrakt på bygging av ein brønnbåt som gjer at Havyard Ship Technology i Leirvik har arbeid til våren 2017.

Brønnbåten «Namsos»

EIN SLIK TIL: Brønnbåten «Namsos» vart levert frå verftet i Leirvik i desember. No skal verftet byggje ein ny båt av same slaget.

Foto: Havyard

Brønnbåten skal byggjast for Norsk Fisketransport AS og har ein kontraktsverdi på vel 300 millionar kroner. Havyard har og opsjon på bygging av ein brønnbåt til.

Havyard måtte nedbemanne sist haust, og difor er ein ny kontrakt svært så velkomen for dei 165 tilsette i Leirvik og for dagleg leiar Lasse Stokkeland.

– Det er ein veldig viktig kontrakt for oss, den sikrar kontinuitet i dei byggeplanane vi har. Siste båten på hausten skal leverast i midten av oktober, og denne kjem kort tid etterpå.

Skroga blir bygde i Aust-Europa og blir slepa til Leirvik og utrusta der. Verftet har i mange år levd godt på bygging av skip til oljenæringa, men den marknaden har tørka heilt inn. Sist haust miste 60 tilsette i Leirvik arbeidet.

Utsett feiring

Dei tilsette i Leirvik er for tida permitterte medan dei ventar på eit skrog som dei skal til å utruste no i slutten av januar.

– Det gjer at vi må utsette feiringa av den nye kontrakten til dei er på arbeid att, seier Stokkeland.

Verftet leverte brønnbåten «Namsos» til Norsk Fisketransport AS i desember. Den båten det no er skrive kontrakt på blir søsterskip til «Namsos».

Lasse Stokkeland

– GLEDELEG: Dagleg leiar Lasse Stokkeland ved Havyard Ship Technology i Leirvik.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Relativt god suksess

Marknadsdirektør Gunnar Larsen i Havyard seier det betyr svært mykje å signere ein slik kontrakt i den tøffe marknaden som er på skipsbygging.

– Dette gjer at vi har full kapasitetsutnytting i år, og det betyr og mykje for utnyttinga av kapasiteten til neste år. Vi har satsa både på fiskeri og oppdrettssektoren når det gjeld design og bygging av skip, og vi har hatt relativt god suksess med det så langt.

No trur han det kan kome nye ordrar innan desse sektorane.

– Såg de relativt tidleg at det kom til å bli ein stans i bygginga av supplybåtar?

– Alle frykta vel at det kom til å bli mindre av det. At det skulle bli ein slik bråstans var det vel ingen som spådde. Men vi såg tidleg at vi måtte ha fleire bein å stå på enn berre mot offshore. Difor satsa vi på fisk og oppdrett, og det syner seg no å ha vore ei veldig god avgjerd.

Oppdrag for Cermaq

Brønnbåtane som Havyard byggjer for Norsk Fisketransport er vel 84 meter lange og har tre sylindertankar og kan frakte 640 tonn slaktefisk. Sylindertankane er ein av spesialitetane til Havyard.

Båten som no skal byggjast går rett inn i ein femårskontrakt med Cermaq frå april 2017.