Hopp til innhold

Glede i Årdal over Hydropengar

Gleda var stor då kommunestyret i Årdal i dag godkjende avtalen som inneber at Hydro vil bruke 325 millionar kroner i kommunen.

Arild Ingar Lægreid
Foto: Hanne Stedje, porten.no

Metallverket i Øvre Årdal.
Foto: NRK

Det var ein godt nøgd ordførar Arild Ingar Lægreid som klubba gjennom avtalen i dagens kommunestyre. Frå salen var det berre vellete å høyre om Hydro sitt handslag til 325 millionar kroner.

- Godt vi har fått avtale

- Det er godt vi har kome til eit tidspunkt der vi har ein avtale på plass slik at vi kan jobbe vidare med omstilling og utvikling av aluminiumsproduksjonen i Årdal, seier Lægreid til NRK Sogn og Fjordane.  

- Avtalen er eit klart signal på at Hydro satsar vidare i Årdal, meiner Lægreid.

Omstillingspakken inneber at Hydro løyver 125 millionar kroner til eit omstillingsfond som skal brukast på næringsutvikling. Den planlagde dørfabrikken til Dooria får ein del av denne summen. Kor mykje vil ikkje Lægreid ut med.  Han seier dei jobbar også med andre prosjekt, men han vil ikkje ut med detaljar enno. 

Lokal styring av fondet

Nokre millionar kroner skal også gå til investeringar som alt er gjorde i Utla Kjeldevatn. Utover dette skal pengane brukast på anna næringsutvikling i kommunen.

- Fondet skal ha lokal styring. Omstillingsfondet er ikkje øyremerka spesielle prosjekt eller tiltak, men vil bidra til etableringa av den nye dørfabrikken Dooria har under planlegging, seier informasjonssjef Thomas Knutzen i ei pressemelding.

Hydro har etablert ein såkalla open industripark der dei vil leige ut tomt og bygningar til bedrifter som ønskjer å etablere seg i bygda.

Teknologi-sentrum

I tillegg skal Hydro investere 200 millionar kroner i utvikling av teknologisenteret i industribygda.

- Årdal skal bli eit sentrum for Hydro sitt forskings- og utviklingsprosjekt for neste generasjon eleketrolyseteknologi, seier Knutzen.

90 nye arbeidsplassar

Berre dørfabrikken og teknologisenteret vil gje nærare 90 nye arbeidsplassar.

134 personar mister jobbane når Hydro stenger dei eldste omnane ved metallverket neste år.