NRK Meny
Normal

Gled deg: Meteorologen lovar ei veke til med vakkert haustvêr

Etter ein flott start på oktober, lovar meteorologen oss no meir av same sorten.

Haust i vest på gaularfjellet

GODE VÊRUTSIKTER FOR HAUSTFERIEN: Vakre haustfargar på Gaularfjellet, på veg til Frøyslandstøylen.

Foto: ANNA GYTRI / NRK

– Vi har hatt eit høgtrykk som har gitt mykje fint vêr i Sogn og Fjordane den siste tida, og den gode nyheita er at det kjem til å halde seg slik også fram mot neste helg, seier vakthavande meteorolog Espen Biseth Granan.

Det betyr mykje turt og fint vêr for dei av oss som no skal ha haustferie. Men det fine vêret fører også til at kvikksølvet kryp lenger ned på gradestokken. Natt til sundag opplevde fleire stader nattetemperaturar på minussida.

– Det blir nok moglegheiter for lokal nattefrost også i veka som kjem. Sola tar nok bra når den kjem fram, men temperaturane blir nok ikkje all verda på dagtid likevel. Vi snakkar nok om temperaturar på sju – åtte grader, tenker eg.

Del dine bilete med oss

Har du bilete av finvêr eller ruskevêr, så vil vi gjerne sjå dei. Del dei med oss på ein av desse måtane:

  • Instagram: merk bileta med emneknaggen #nrksf og ta gjerne med kvar biletet er teke. Då kjem du med i biletkartet vårt.
  • SMS: Send bilete via melding med kodeord SF og send til 1987
  • Facebook: Send oss bilete via Facebook-sida vår
  • E-post: Bruk e-post sf@nrk.no
Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.