NRK Meny
Normal

Utruleg, men sant – i morgon blir det bra vêr!

Er du også dritlei regn, låge temperaturar og lågt skydekke? I morgon kan du glede deg til ein liten pause med sol og opphaldsvêr.

Hornindalsvatnet i gråvêr

KAN BLI BETRE: Laura Bruvoll fanga det vakre i gråvêret i Hornindal denne veka. Fredag

Foto: Laura Bruvoll / Instagram

Statsmeteorolog Ida Maria Solbrekke hadde gledelege nyheiter å kome med på morgonsendinga til NRK Sogn og Fjordane i dag.

– Vi får ein nokså bra dag i morgon, fredag, med opphaldsvêr og periodar med sol. Det er ikkje verst! seier Solbrekke.

I dag vil det framleis vere regnbyer utover dagen, men ifølgje meteorologen er det ein høgtrykksrygg som driver på og byggjer seg opp. Men den varer ikkje lenge ...

– Men dessverre at det er duka for eit nytt lågtrykk på laurdag. Det blir nokså vått både laurdag og søndag, dessverre, seier Solbrekke.

Ho oppmodar folk på det sterkaste om å nyte fredagen, så får ein heller grave seg ned att i vêrsjuka laurdag og søndag.

– Snøbyene held seg over om lag 1000 meter. Det er lågt nok det til å vere juni, slår Solbrekke fast.

– Kven kan vi skulde på for dette elendige vêret vi har hatt?

– Det er ikkje nokon sin feil, lågtrykka går alltid forbi Skottland og England, så vi kan jo be dei halde att lågtrykka der borte ...

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser