Jon Fimreite, som er konsulent for det nye selskapet Øvingsbane Kaupanger, fryktar at direktoratet no stoggar planane.
– Vi har ikkje fått nokon formell grunn om kvifor dei vil stoppe oss. Det verkar som dei vil ta oss på alle måtar, seier Fimreite.
– NAF mislikar konkurransen
Fimreite trur NAF mislikar konkurransen frå det nye private selskapet, og antydar langt på veg at det er dei som har påverka Vegdirektoratet.
Såpeoperaen om glattkøyringsbana på Kaupangar starta då Norsk Automobilforbund i vår vedtok å legge ned drifta. Etter dette bestemte trafikkskulane i Sogndal seg for å opprette selskapet Øvingsbane Kaupanger ANS med det formålet å framleis kunne bruke glattkøyringsbana.
Og Statens vegvesen gav dei løyve til det for omlag ein månad sidan. Men no vil altså Vegdirektoratet sjå på saka på nytt.