Hopp til innhold

Glatte vegar og vanskelege køyreforhold

Fleire fjellovergangar er stengde, og det er glatte vegar fleire andre stader.

Webkamerabilete frå Hemsedalsfjellet

GLATT: Vegen over Hemsedalsfjellet er svært glatt

Foto: webkamera

– Det er sånn på heile Vestlandet no at det er vanskelege køyreforhold. Det er mykje overflatevatn, isnedfall og glatte vegar, seier Jan Erikstad ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Fleire fjellovergangar er no stengde, men på Hemsedalsfjellet er det framleis ope. Likevel åtvarar Erikstad om at det er glatt.

– På Hemsedalsfjellet ligg det is med vatn på i vegbane. Det har vore strøbilar ute og strødd på sand, men det er framleis glatt over fjellet, seier Erikstad.

Strynefjellet er heilt stengd på strekka frå Billingen bom til Ospelia.

– På strynefjellet har det vore stengd no sidan tidleg i dag, og det er framleis usikkert kor tid vi kan opne opp att der, seier Erikstad.

Også vegen over Sognefjellet er heilt stengd.

– På Sognejfellet er det mykje det same det går i, det er underkjølt regn og veldig glatt vegbane. Det gir så vanskelege køyreforhold at vegen er heilt stengd, og det er framleis for tidleg å sei noko om kor tid ein kan opne opp den vegen.

Vegvesenet tilrår folk å køyre forsiktig om ein skal opp i høgda, og fortel at det er fleire glatte parti også på dei fjellovergangane som ikkje er nemnde her.