Hopp til innhold

Glatte vegar har ført til rekordsal av strøsand

NORDFJORDEID (NRK): Svært glatte januarvegar har fått folk til å strø sand rundt seg som berre det. Berre på Nordfjordeid har dei åttedobla salet av strøsand – og selt over ti tonn til saman.

Aleksander Hopland

REKORDSAL: Førespurnaden etter strøsand vart for stor. Heldigvis fekk dei raskt inn meir til Felleskjøpet på Nordfjordeid.

Foto: Silje Guddal

Butikkmedarbeidar Aleksander Hopland måtte sjå to gonger då han skulle sjekke kor mykje strøsand dei har selt på Felleskjøpet på Nordfjordeid. Han kunne ikkje tru sine eigne auge.

– Det vart litt meir enn eg hadde trudd ja, fortel han.

Berre i januar i år har Felleskjøpet på Nordfjordeid seld 700 sekker med strøsand.

– Det var vel snakk om at me har åttedobla salet per no i år, seier Hopland.

Rekordmange har hamna på sjukehus

Det omskiftelege vintervêret den siste tida har skapt mange farlege vegar, parkeringsplassar, tun og stiar. I store delar av landet har det og er det kort veg mellom issvullane.

Og sjølv om det altså er mykje strøsand i omløp, har det for mange ikkje vore nok. For ei veke sidan låg det 49 pasientar i kø for å verte opererte for brotskadar på Haukeland universitetssjukehus.

Også på sentralsjukehuset i Førde har overlege Svenning I Lida hatt mange på operasjonsbordet.

– Det er mykje meir i år. Det er ein del år sidan vi har hatt så mange skader der folk har falle på glatta, sa han sist veke.

Over ti tonn berre på Eid

Felleskjøpet sel sekker med 15 kilo strøsand. Berre frå butikken på Nordfjordeid har dei seld omkring ein palle per dag i januar. Dette betyr at dei har seld 10.500 kilo med strøsand hittil i år.

– Det var utseld ei stund, men heldigvis fekk me inn igjen meir sand etter kvart. Me gjekk tomme ganske fort, seier Hopland.

Ein liten sjekkrunde syner at Felleskjøpet har seld hundrevis av sekkar med strøsand rundt om i Sogn og Fjordane.

Direktør for kommunikasjon og marknad i Felleskjøpet, Gro Tvedt Anderssen, stadfestar at trenden er lik på alle dei 100 butikkane deira. På landsplan er det snakk om ei dobling i salet av strøsand.

– Det er mange tonn med sand. Og det er ikkje berre sand vi sel mykje av. Vi har også selt 260 prosent fleire snøfresarar og 300 prosent meir av utstyr som spader og snøskuffer.

Anders Rogne (t.v.) og Johannes Hestad.

MANGE HAMNAR HER: Anders Rogne (t.v.) og Johannes Hestad er ein av mange som har hamna på sjukehuset i Førde med beinbrot etter eit uheldig møte med glattisen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Broddar også populære

Dei glatte vegane har og ført til auka sal av broddar i butikken på Nordfjordeid. Særleg den grovaste typen broddar har seld godt.

– Det er folk flest som kjøper broddar. Både store og små, seier Hopland.

Han har sett seg nøydd til å kjøpe seg broddar sjølv også.

– Det har vore så glatt at når eg er ute og luftar hunden har eg vore nøydd til å ha broddar.