På Eikås i Jølster fekk ein tankbil med mjølk sleng på hengaren. Hengaren glei utfor vegen og kvelva, medan trekkvogna vart ståande igjen på vegen.
Kjedekollisjon
I Seltatunnelen i Lærdal var det ein kjedekollisjon i ettermiddag. Ein bil vart påkøyrd bakfrå av to andre bilar. Eit par personar vart sende til sjukehus for legesjekk.
I fjellveggen
Ein personbil køyrde i fjellveggen i Nygårdssvingane på riksveg 15 mellom Måløy og Allmenningen i ettermiddag. Augevitne seier det var glatt i vegbana då trafikkuhellet skjedde.
Trailer utfor vegen
Ein trailer glei utfor vegen på rv 15 nær Stryn sentrum i ettermiddag. Fleire av desse trafikkuhella har ført til problem for trafikkavviklinga på staden.
Ein trailer glei utfor vegen i Stryn. Foto: Jan Ivar Vik