Hopp til innhold

Glatt på fjellovergangane

På fleire av fjellovergangane er det i dag svært glatt. På Vikafjellet var det blant anna ein brøytebil som kom bort i ein lastebil og hamna i grøfta.

Ulukke på Filefjell

GLATTE VEGAR: Dette vogntoget hamna i dag i grøfta på Filefjell.

Foto: Jan Christian Jerving

– Den er no laus, og det skal vere strøydd, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Også på Filefjell har glatte køyreforhold skapt problem og eit vogntog har køyrt av vegen ved Øvre Smedalsvatnet. Vogntoget står utanfor vegen og det er fri ferdsel på forbi ulukkestaden. Det er ikkje meldt om personskadar, og bilbergar er på veg.

Her kan du lese oppdaterte vegmeldingar:

Statens vegvesen oppmodar no bilistar om å ta det med ro, og tunge køyretøy om å bruke kjetting når dei skal over fjellovergangane.

– På fjellovergangane er det no regn som frys når det kjem på asfalten, og dermed vert det glatt og vanskeleg køyreforhold. Til vi har fått gjort tiltak ber vi no bilistane om å ta det med ro, seier Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.