Hopp til innhold

Glatt mange stader i fylket

Bilistar melder om svært glatte vegar i morgontimane. Statens vegvesen seier dei har folk ute på vegane for å strø.

Glatt veg på riksveg 5

ARKIVBILETE: Riksveg 5 er blant vegane som er glatte i dag tidleg.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Både Vegtrafikksentralen og NRK teke imot fleire meldingar frå bilistar på glatte vegar i dag.

– Spesielt i ytre strøk i dag så er det glatt, og skuggeparti kan vere glatte til ganske langt frampå morgonen, seier Jan Erikstad på vegtrafikksentralen i Lærdal.

Meldingane gjeld langs E39 mellom Vadheim og Lavik, riksveg 5 mellom Florø og Førde, i Stigedalen mellom Eid og Volda, og langs fylkesveg 616 mellom Oldeide og Svelgen.

– I Stigedalen har vi fått fleire meldingar. Folk står og ventar fordi det er så glatt at dei ikkje vågar å køyre ned, seier Erikstad.

Han seier at entreprenøren straks skal vere på plass for å strø.