Gladlaksen Per fekk den største holaksen i Noreg

1,3 meter lang og over 23 kilo tung! Den ivrige laksefiskaren Per Stadigh fekk i helga den største holaksen som er fiska i Noreg i nyare tid.

Per Stadigh

STADIGH NYE REKORDAR: Den svenske fiskaren Per Stadigh med holaksen han fanga i Lærdalselvi i helga.

Foto: Jens Olav Flekke

Det var i Lærdalselvi i Sogn at den svenske fiskaren Per Stadigh fanga den store holaksen. Den var 131 centimeter lang og vog 23,1 kilo. Laksen vart målt og vege og deretter sleppt fri igjen i elva.

I fjor sommar vart det teke ein laks på 128,5 centimeter i Tanaelva. Då sa lakseforskar Eero Niemelä at det var den største målte holaksen i verda, men no er den rekorden slått i Lærdalselvi.

– Dette er den største holaksen som er tatt i nyare tid, seier Jens Olav Flekke, som fiska saman med Per Stadigh.

Svært spesiell fangst

Lærdalselvi blir ofte kalla dronninga av norske lakseelver, men det er uhyre sjeldan at så store laksedronningar blir fiska. Dersom det kjem opp laks på over 20 kilo, så er det stort sett hannlaks.

– Dette er veldig spesielt i norsk målestokk. Det er viktige genar som må førast vidare til neste generasjon. Laksen hadde over 20.000 rognkorn som no går tilbake til elva, fortel Flekke, som også er styreleiar i organisasjonen Redd Villaksen.

Erfaren fiskar

Fiskarane var om lag midt i Lærdalsdalen då den store holaksen beit på. På E16 suste alle bilane forbi til Bergen eller Oslo, fulle i folk som var heilt uvitande om magien som skjedde nede ved elvebreidda.

– Eg tenkte at var det nokon som fortente dette, så var det Per. Han har vore ivrig laksefiskar i lang tid og fått over 2000 laks.

Storfangst i 1944

NRK har fått tips om at det vart fanga ei ho-laks i Eidselva i 1944, som var større enn den Stadigh fanga laurdag.

Den 22. mai 1944 skal Martin A. Hjelle ha fanga ei holaks, som var 129 centimeter lang og som vog 27,6 kilo.