Hopp til innhold

Er takksame for eitt poeng - vart til tider heilt rundspelte

Sogndal-trenar Jonas Olsson er glad for at laget klarte å få med seg eitt poeng i bagasjen heim etter kampen mot Odd. Det kunne fort vorte annleis.

Ulrik Flo

FÅ SJANSAR: Sogndal skapte få sjansar i kampen mot Odd. Her er Sogndals Ulrik Flo i duell med Fredrik Oldrup Jensen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

– Første omgang vart vi stort sett heilt rundspelte. Odd skapar utruleg mange målsjansar, og vi forsvarar oss heroisk. Det er små marginar, men dei er heldigvis på vår side. Odd er det beste laget vi har møtt så langt, seier Olsson, og legg til at dei har møtt både Strømsgodset og Rosenborg.

– Spelar dei på denne måten i ein heil kamp, så kan dei komme veldig høgt opp på tabellen. For vår del så høgnar vi oss, vi gjer nokre taktiske justeringar og kjem oss i andre omgang, seier Olsson.

Laster innhold, vennligst vent..

Skapte lite

Han legg til at det også er krevjande å spele når det vert så varmt.

– Vi spelar mot klokka, så vi er nøgde med eitt poeng og at vi held nullen, seier Olsson.

– Men de skapar nesten ingenting?

– Nei, vi har ein ball som er på mållinja i første omgang. Elles har vi ingenting, seier Olsson.

Men han legg til at Sogndal forsøkte

– Det var difor det vart som det vart. Vi kunne byrja som vi gjorde i andre omgang, i første. Vi gjekk for å angripe, men vi vart rundspelte. Det var berre å leggje frå seg initiativet, og forsvare seg i 90 minutt, seier Olsson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Mahatma Otoo

HEVA SEG: Sogndal heva seg noko i andre omgang, men det var smått med sjansar. Her er Mahatma Otoo i duell med Odd Jørgen Halvorsen.

Foto: Teigen, Trond Reidar / NTB scanpix

Heva seg i andre omgang

Sogndal har ikkje så langt opp til medaljeplass, men trenaren er forsiktig optimist.

– For vår del er prestasjonen det viktige. Vi presterer i kamp etter kamp, og det har vi gjort. Det står att ein kamp før ferien, og gjer vi også den bra, kan vi vere nøgde med sesongen så langt, seier Olsson.

Også Azar Karadas er klar på at Sogndal skal vere nøgde med å ha fått med seg eitt poeng frå Skagerak Arena i Skien.

– I første omgang tykkjer eg vi slit veldig. Odd kjem til mange sjansar, og vi er heldige som ikkje vert liggjande under. I andre omgang hevar vi oss litt, seier Karadas.

Tek ingenting på førehand

Han meiner laget hadde betre kontroll defensivt.

– Vi skapar ikkje så mykje, men vi har grei kontroll. Vi tek med oss poenget, sjølv om det var litt heldig, seier Karadas.

Han ser fram mot neste kamp.

– Vi har vore inne i ein god periode. Vi har Vålerenga heime på torsdag, og det gler vi oss veldig til, seier Karadas.

Han påpeikar at det er viktig å ta ein kamp om gongen.

– Det er små marginar i Tippeligaen. Eit par sigrar, så er ein oppe der. Men du kan tape eit par kampar også, og då er ein nede. Vi har fokus på neste kamp heile tida, seier Karadas.