NRK Meny
Normal

Glade dei hadde livreddande utstyr

I tre år har Sogndal hatt hjartestartaren på Fosshaugane. I går redda den livet til Brann-spelaren Carl-Erik Torp. – Godt å vite at alt vi har øvd på fungerer.

Video Hjartestartar berga livet til Brann-spelar

BERGA LIVET: Tilstanden til Brann-spelar Carl-Erik Torp er i dag stabil. Men medan Sogndal-fansen jubla over siger i gårsdagens oppgjer, kjempa Torp for livet i garderoben - hjartet hadde stoppa. Ein hjartestarter og dyktige fagfolk berga livet hans.

Det seier arrangementsansvarleg Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Både spelarane og leiinga i klubben er framleis prega av dei dramatiske minutta som gjekk føre seg på grasmatta tre minutt før full tid i kampen mellom Sogndal og Brann.

Brann-spelar Carl-Erik Torp (27) falt om med hjertestans og klubblege Asle Kjellsen er klar på at hjartestartaren redda livet hans.

Glad ting fungerer slik vi har øvd på

Då NRK møter Heggestad på Fosshaugane måndag har det verste sjokket gitt seg. Men då Brann-spelaren vart liggjande livlaus på grasmatta gjekk det eit gisp gjennom publikum.

Heggestad prisar seg lukkeleg for at det godt utstyrte helsepersonellet på stadion kunne redde livet til den unge spelaren.

– Då dette skjedde var både ambulansepersonell, Røde Kors og klubblegane til begge laga med på å redde han. For oss var det godt å sjå at det medisinske opplegget vi har rundt kampane fungerer når det gjeld som mest, seier Heggestad.

– Du får litt panikk

For klubblege Asle Kjellsen i Brann vart kampen i går ei svært ekkel oppleving. Han storma ut til spelaren.

– Du har ein som er død i hendene dine, og då får du litt panikk sjølv også. Men eg rakk ikkje tenke på den panikken då, men eg har kjent på det etterpå, seier Kjeldsen til NRK.no dagen etterpå.

Etter å ha fått flytta den livlause spelaren til eit rom i garderoben vart hjartestartaren brukt for å redde livet til Torp. Han hadde då hjerteflimmer og takka vere hjartestartaren fekk ein hjartet til å slå skikkeleg igjen.

– Det var truleg det som redda livet hans, seier Kjellsen.

– Heilt avgjerande

Både klubblege Kjell Kjørlaug og Heggestad er glade for at dei har det livreddande utstyret ståande klart til kvar einaste kamp. I går vart det heilt avgjerande.

– Når slike episodar oppstår er dette heilt avgjerande, seier Kjørlaug.

– Kva hadde skjedd om ein ikkje hadde ein hjartestartar tilgjengeleg?

– Då hadde vi måtte gi livreddande førstehjelp til vi fekk tak i ein slik maskin. Men alle veit at tidsfaktoren i ein slik situasjon er avgjerande for om vedkommande får varige skader, seier Kjørlaug.

Skryt av mannskapet

Heggestad er glad klubben har utstyret på plass. Han vil også rose helsepersonellet som gjorde jobben.

– Det er tryggjande at vi har det livreddande utstyret, men det er også viktig at det personellet vi har til stades veit kva dei skal gjere. Begge deler fungerte i går, seier Heggestad.

Også Brann sin klubblege, Kjellsen rosar mannskapet på Fosshaugane.

– Dei var utrulege. Dei var veldig gode til å bere ut, snakke saman og sette i gang med hjarte- og lungeredning.

Brann melder måndag at Carl-Erik Torp etter forholda skal ha det bra.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser