- No må vi sette alle kreftene inn på å behalde plassen på Stortinget, seier Råheim.
Skuffa
Sverre Hoddevik var skuffa over meldinga om at Høgre vrakar han etter to periodar på Stortinget. Men han seier at slike meldingar må politikarar tole.
Hoddevik er kritisert for å vere for lojal mot regjeringa, for å vere for steil, og for å vere for dårleg til å kommunisere.
Fryktar å miste mandat
Hoddevik-tilhengjarar fryktar at Høgre kan miste eit stortingsmandat. - Eg meiner at skal det skiftast kandidat burde vi ale opp nokon som er yngre. Skulle det skje at vi mistar dette mandatet, ja då må dei verkeleg begynne på avlen fort, seier Hoddevik-tilhengjar Elin Schei Stuhaug.