Hopp til innhold

Lene er glad oppstyret har lagt seg - men angrar ikkje på at ho fortalde gladhistoria

– Eg saknar ikkje mediestyret, men det var ei fin historie å fortelje, seier Lene Gjerde Sætren. Julekvelden kom vesle Lilly til verda i ei busslomme, og historia gjekk landet rundt.

Lene Gjerde Sætren og Lilly

ANGRAR IKKJE: Mamma Lene Gjerde Sætren er glad medieoppstyret har lagt seg, men ho angrar ikkje på at ho fortalte gladhistoria om då Lilly vart fødd julekvelden.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Historia om jenta som blei født i ei busslomme, sjølvaste julaftan, fekk stor merksemd i medium landet rundt. Klokka 01.40 den 24. desember var Lene Gjerde Sætren på plass i ambulansen i full fart mot Førde sentralsjukehus.

Men dei rakk ikkje fram, og på ei busslomme åtte kilometer frå sjukehuset, kom vesle Lilly til verda.

– Det var spesielt med alt oppstyret. Me tulla litt med det heile desember, at det skal bli eit julekveldsborn. Det var troll i ord, seier Gjerde Sætren.

Veldig oppstyr

Faren Thomas Sætren filma det heile i bilen bak ambulansen, og filma også då Lilly var kome trygt ut i verda.

– Først var Firda og Firdaposten, og so balla det på seg, Bergens Tidende, VG, TV2 og NRK. Det var veldig trafikk på telefonen ei stund. Eg var ute med barnelegen for å sjekka at alt var bra med Lilly, og når eg kom inn att var det mange tapte anrop frå ukjende nummer. Me hadde ikkje sett føre oss at det skulle bli slik, seier ho.

Lilly

SØV GODT: Vesle Lilly veit ingenting om at historia om då ho kom til verda gjekk landet rundt.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Ho seier at det var veldig spesielt, men ho angrar ikkje på at dei valde å fortelja historia.

– Det var spesielt, men eg følte meg oppegåande og frisk og rask. Me tenkte at det var ei fin gladhistorie i alt det triste me høyrer i nyheitene elles.

Ikkje fyrste gong

Det er ikkje fyrste gong ho har født på julekvelden. For 10 år sidan kom eldsteguten, på julekvelden.

– Han sa det var veldig stas å få ei slik gåve.

Vesle Lilly anar nok ingenting om alt oppstyret som var då ho kom til verda, men ho får nok vita det når ho blir større.

– Det blir ei fin historie å fortelje når ho blir stor, alle avisutklippa er kome i barneboka hennar allereie.

– Eg saknar ikkje mediestyret, men det var kjekt å fortelje historia, seier Gjerde Sætren.