Sølvi Losnegård, som sjølv treng ei ny nyre, er glad for at Sande set fokus på ei viktig sak.
– Ja, eg tykkjer de er kjempeviktig at dette blir sett på dagsorden. Berre i 2010 fekk 164 pasientar ny nyre frå ein framand donor. Det var 220 som stod på venteliste, så det viser kor viktig det er, seier ho.
(Artikkelen held fram under TV-saka)
– Alle bør tenkje gjennom dette
Onsdag går var det siste møtet i fylkestinget for dei avtroppande representantane, og neste onsdag er det fyrste møte for det nye fylkestinget. Stortingsrepresentant Erling Sande oppmodar difor fylkespolitikarane om å melde seg som organdonorar.
Han seier det er viktig å nytte høvet til å minne både nye og gamle politikarar om det store behovet det er for organdonorar.
– Det er veldig mange rundt om i landet som står i kø og ventar på friske organ. Dette er livsviktige for dei. Vi er mange som er friske som har organ kan gi vidare dersom det verste skulle skje. Det er i alle fall bra å tenkje gjennom dette for kvar enkelt av oss.
- LES OGSÅ:
Sjuk nesten heile livet
Sølvi Losnegård har vore sjuk sidan ho var liten, og har tidlegare fått ny nyre. Men den fungerte ikkje optimalt, og no står ho på ny i nyrekø.
– Eg må til dialyse tre gonger i veka, det er ein form for kunstig nyrefunksjon. Friske nyrer gjer at avfallsstoff blir fjerna frå blodet, det gjer det ikkje hos meg.
– Enkelt å bli donor
Erling Sande trur det er mange som ikkje har noko imot å ha eit donorkort, men som ikkje har fått gjort noko med det.
– Då er det greitt å oppmoda politikarar og andre om å gjere noko med dette. Det er lett å fylle ut eit kort som ein kan ha i lommeboka og informere dei rundt seg at ein er ein alternativ donor.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ: