Glad for nynorskstøtte

I revidert nasjonalbudsjett løyver regjeringa 20 millionar ekstra til innkjøp av nynorske digitale læremiddel og digitale læremiddel for små fag. – Dette er ei viktig handsrekking til nynorskelevane, som treng å få digitale læremiddel på sitt eige språk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Magne Aasbrenn, leder for Noregs Mållag
Foto: Noregs Mållag