NRK Meny
Normal

Glad for flyplassignal

Ting taler no for at flyplassen på Bringeland blir oppretthalden, det meiner høgreordførar i Gaular, Mathias Råheim.

Mathias Råheim

OPTIMIST: Ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H).

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

I starten av mai skal Avinor ta stilling til om det bør leggjast ned flyplassar i Sogn og Fjordane. I flyplasskommunane ventar dei med og uro på kva som blir konklusjonen til Avinor.

– Uansett kva innstilling dei no kjem med, så må vi jobbe for Bringeland, seier Råheim.

Ikkje nedleggingar no

I vinter vart Sandane og Bringeland lufthamner blei av Avinor i vinter sagt å vere mest utsette. Torsdag sa statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom Cato Karlsen, frå Frp at regjeringa ikkje har planar om å legge ned flyplassar dei næraste par åra.

Statssekretæren gjer med andre ord eit forsøk på å slå kaldt vatn i blodet på glopparar, gaulværingar og andre som ventar i otte på Avinor sin strukturrapport.

Sjølv om det er uklart kva råd Avinor kjem med, skal utgreiinga seia noko om kor mange flyplassar vi skal ha i fylket.

Gode signal

– Det var veldig kjekt at nokon i det Frp-styrte samferdsledepartementet seier dette, det gir oss litt meir ro i sjela. Eg er overtydd om at tida jobbar for flyplassen på Bringeland.

– Men no seier vel statssekretæren strengt tatt ikkje meir enn det som ligg i mandatet til Avinor?

– Nei, men det kan verke som han og fredar dei også på lenger sikt, og det er også dei signala eg har fått. Etter det statssekretæren sa så er det ikkje fare for nokon av flyplassane i Sogn og Fjordane på dette tidspunktet.