Hopp til innhold

Fotograf venta over eitt år for dette biletet: Malala er jordnær og audmjuk

– Det at Malala har fått fredsprisen tykkjer eg er heilt fantastisk, seier fotograf Geir Birkeland som jobba i over eit år for å få teke bilete av den modige 17 år gamle jenta frå Pakistan

Geir Birkeland/Malala og faren (Montasje)

FEKK MØTE MALALA: Dette biletet tok fotograf Geir Birkeland i sommar då Malala og faren var i Oslo.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK/Geir Birkeland

– Det er høgst fortent. Eg hadde håpa på at ho fekk den i fjor, men blei skuffa. Men desto meir nøgd i år, seier han.

Det var knytt stor spenning til kven leiar av Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, ville kunngjere som årets vinnar av Nobels fredspris.

17 år gamle Malala var av mange rekna som ein favoritt og i dag blei ho ein av to fredsprisvinnarar, som den yngste nokosinne. Den andre var Kailash Satyarthi frå India. Begge to har vore sentrale i kampen for utdanning av born og ungdom.

Fleire forsøk som ikkje lukkast

Portrettfotograf Geir Birkeland frå Høyanger høyrde om Malala si skjebne og kamp etter at ho blei skoten av Taliban fordi ho jobba for at jenter skal få ta utdanning. Ho blei hardt skadd, men overlevde på mirakuløst vis.

– Eg byrja eg å lese meg opp på Malala. Eg driv med eit fotoprosjekt og sette ho høgt opp på lista mi.

Birkeland har blitt ein anerkjent fotograf. Han jobbar til dagleg ved Høyanger vidaregåande skule, men brukar mykje fritid på å reise rundt og møte ulike personlegheiter. I over eitt år venta han på å få teke bilete av Malala Yousafzai.

Første moglegheit fekk han då Malala skulle komme til Oslo i august i fjor. Der skulle ho motta ein «brubyggjar»-pris, eit samarbeid mellom Norge og Pakistan.

– Eg skulle til Oslo for å fotografere ho, men dagen før melde dei frå om at ho ikkje kom likevel, fortel han.

Ho er jordnær og audmjuk

Malala Yousafzai og faren

PORTRETT: Geir Birkeland fortel om eit fint møte med Malala då han tok dette biletet.

Foto: Geir Birkeland

Seinare den månaden blei han med Kjell Magne Bondevik til England der ho bur. Men vel framme i Birmingham fekk han likevel ikkje møtt ho.

– I sommar fekk eg ei ny moglegheit, men avtalen blei avlyst på grunn av tidspress. Den andre avlyste tryggingstenesta sjølv om eg hadde avtalt direkte med Malala og faren. Eg sende ei melding om min frustrasjon og fekk heldigvis ny avtale.

Birkeland fortel om eit fint møte og at han fekk teke fleire bilete av Malala, mellom anna saman med faren.

– Ho er jordnær, audmjuk og imøtekommande. Vi fekk god kontakt med ein gong, det var som ho var kven som helst.

Nobelkommiteens begrunnelse

VIDEO: Leiar i Nobelkomiteen, Thorbjørn Jagland, kunngjer kven som får årets fredspris.

MALALA-091014T-URIX

VIDEO: Malala Yousafzai i fleire år kjempa for barns rett til skulegang og utdanning.