NRK Meny
Normal

«Berre glad det gjekk bra med dei om bord»

Driftssjef ved Ervik Havfiske, Stig Ervik, prisar seg lukkeleg over at det gjekk bra med dei to som var om bord då det tok til å brenne i fiskebåten Karm Viking torsdag kveld.

Brann på Karm Viking

EKSPLOSJON: To gassflasker eksploderte om bord i Karm Viking torsdag kveld.

Foto: Øystein Torheim

– Det gjekk heldigvis bra, og då kjem alt anna i andre rekkje, seier Ervik.

Fiskebåten Karm Viking låg ved kai på Stadlandet i Selje då det seint torsdag kveld tok til å brenne om bord i båten. Politiet fekk melding om brannen klokka 21.47 torsdag kveld, og då hadde dei to som var om bord, allereie komme seg på land.

– Det var maskinisten og ein kar som var innom for å helse på, som var om bord då brannalarmen plutseleg gjekk. Dei såg mykje røyk, og kom seg raskt på land og fekk ringt brannvesenet, seier Ervik.

Held vakt i heile natt

Brannhavaristen vart fredag slept ut på fjorden av redningsskøyta Emmy Dyvi, då brannvesenet og politiet frykta for fleire eksplosjonar om bord i skipet då det finst to flasker med gass om bord framleis.

Situasjonen er no under kontroll og brannen er sløkt. Men reiarlaget har sytt for beredskap rundt havaristen.

– Vi har ein båt som køyrer rundt og passar på. Men alt er no avkjølt, og vi trur ikkje det er fare for noko meir, seier Ervik.

Det vart målt opp i 170 graders varme på utsida av båten, så varmeutviklinga har vore stor. Ervik er viss på at heile båten er utbrend.

– Der er det nok ikkje mykje att, nei, seier Ervik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Brannvesenet har slept den brennande båten Karm Viking ein kilometer frå land og oppretta ei sikkerheitssone på 250 meter rundt båten. Foto: Øystein Torheim

Hadde lagt til kai same dag

Fiskebåten hadde vore ute på eit tredagars oppdrag, og kom til kai torsdag i 14-tida. Kva som kan vere årsaka til brannen, har ikkje Ervik noko svar på.

– Alt vi veit er at brannen har starta framme på dekk, men noko meir veit ikkje eg. Det er ingen som har vore om bord endå, seier Ervik.

Stig Ervik

LITE ATT: Driftssjef Stig Ervik trur det er lite att på innsida av den 38 meter lange fiskebåten.

Foto: Einar Lindbæk, Fiskaren

Han er berre glad for at brannen tok til medan båten låg til kai og det knapt var folk om bord.

– Når båten er på fiske, er det 14 mann om bord, seier Ervik.

Karm Viking er ein fiskebåt frå 1979, og er ein av dei eldre båtane som Ervik Havfiske disponerer. Båten er eigd av eit anna selskap.

Har aldri opplevd liknande

Sjølv om båten har mykje diesel om bord, er ikkje Ervik redd for lekkasjar.

– Det er ingen teikn til det, så det trur eg ikkje kjem til å skje. Dieselen er i botntankane, og der var det ingen temperatur, seier Ervik.

Det er første gong selskapet opplever ein brann som dette.

– Vi har opplevd småbrannar om bord på skip, men aldri noko slikt, seier Ervik.

Kva konsekvensar det får for selskapet å ha mista eit fartøy, har han ikkje rukke å tenkje over.

– Nei, det får vi sjå på seinare. Det hadde vore verre dersom dette var einaste båten vi hadde, men vi har jo fleire, så då stoppar det ikkje heilt opp, seier Ervik.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.