NRK Meny
Normal

Gjorde tidenes meisterskap - og nådde målet sitt

Før junior-NM i friidrett sa Thomas Mardal at han hadde mål om gull i sleggje, gull i diskos og sølv i kule. Og nettopp slik vart det.

Thomas Mardal

GLER SEG TIL NORDISK: Neste helg skal Thomas Mardal frå Gloppen delta i nordisk juniormeisterskap i friidrett på Island.

Foto: Nils Ove Roset

– Jau, du kan trygt seie at dette er tidenes meisterskap, seier Mardal, som representerer Gloppen FIL.

Årets junior-NM vart arrangert i Brandbu i Oppland. Og der hadde Mardal full klaff.

– Eg er veldig nøgd. Det var godt å kunne prestere når det galdt, seier Mardal.

Varierande vêr og ein god del nedbør gav ikkje optimale forhold for friidrett, men det stoppa ikkje Mardal.

– Det har vore ein våt meisterskap, seier Mardal.

Har mål om medalje i nordisk

Han legg ikkje skjul på at det gjer godt for sjølvtilliten og vidare satsing å komme heim med tre medaljar.

– Det er veldig kjekt, seier Mardal.

Neste helg skal han delta på nordisk juniormeisterskap på Island, og også der håpar han å få med seg medalje heim.

– Eg har som mål å kjempe om medalje i diskos, og så får eg sjå om eg klarar å støyte over 17 meter i kule og perse. Det hadde vore kjekt, seier Mardal.

19-åringen er ferdig med vidaregåande og tek no eit friår i kombinasjon med litt jobbing, der han skal satse ytterlegare på idretten.

– Eg skal trene godt i år og prøve å sørgje for at det vert ein god sesong også neste år, seier Mardal.

Har tru på grei overgang til seniornivå

Kasttrenar for Mardal, Jørun Årdal, er godt nøgd med eleven sine prestasjonar.

– Det er sterkt. Vi visste jo kor sterk han er. Han er ein topp junior i Norge, og har vore ute internasjonalt. Vi hadde rekna med eit slikt resultat, seier Årdal.

Han er spent på kva Mardal kan prestere under nordisk juniormeisterskap.

– Han er i medaljesjiktet både i sleggje og diskos, og kanskje i kule også. Men det er sterke konkurrentar både frå Sverige og Finland, så det vert spennande å sjå, seier Årdal.

Han er spent på kor mykje Mardal kan utvikle seg på eit friår.

– Han kjem til å ta nye steg. Han har hatt ei veldig flott utvikling sidan han var 15–16 år. Han er svært målbevisst, så får han vere skadefri og trene det han har lyst til, så kjem han til å klare overgangen til senior ganske fint, seier Årdal.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser