Hopp til innhold

Gjorde opptak av medarbeidarsamtale

Sogn tingrett har dømt ein mann i 30-åra til å betale ei bot på 12.000 kroner for å ha gjort lydopptak av medarbeidarsamtalen til ein kollega.

Sogn tingrett

DØMD I TINGRETTEN: Sogn tingrett dømde mannen for ulovleg opptak.

Foto: Arve Uglum / NRK

Mannen gjorde opptak av samtalen mellom kollegaen og deira felles sjef fordi han ville skaffe bevis for at han var utsett for trakassering på jobben. Han meinte dette var einaste måten å bevise dette på.

Opptaket sende han som vedlegg til ein e-post til sin øvste sjef med kopi til dei to som deltok i medarbeidarsamtalen og ein annan kollega. I e-posten opplyste han at han ville melde arbeidsgjevaren til politiet for brot på Arbeidsmiljølova.

Dette gjorde han også. Til NRK seier han at han at den gjeld trakassering av leiar, brot på reglane om drøftingsmøte og feilaktig innhald i sluttattest. Men politiet henla saka etter vel ni månader. No vil han bruke lydopptaket i eit privat søksmål mot arbeidsgjevaren.

Seinare har mannen sagt opp stillinga si. Til NRK seier han at han vart pressa til å seie opp, og han er no utan arbeid.

Nekta straffskuld

I retten nekta han for straffskuld i saka. Han meiner saka ikkje har noko i strafferetten å gjere, det handlar berre om eit spørsmål om lojalitetsplikta til ein arbeidsgjevar, meiner han.

Men Sogn tingrett var av ei anna meining. Retten viser til paragraf 145 i Straffelova, der det heiter:

Med bøter eller fengsel inntil 6 månder straffes den som...

1. ved hjelp av hemmelig lytteapparat avlytter telefonsamtale eller annen samtale mellom andre, eller forhandlinger i lukket møte som han selv ikke deltar i, eller

2. ved hjelp av lydbånd eller annen teknisk innretning hemmelig gjør opptak av samtale som foran nevnt eller av forhandlinger i lukket møte som han enten ikke selv deltar i, eller som han har skaffet seg adgang til ved falske foregivender eller ved å snike seg inn.

Det enda med at mannen i 30-åra vart dømd til å betale ei bot på 12.000 kroner, i tillegg må han betale sakskostnader på 3000 kroner.