Hopp til innhold

Gjorde låven på slektsgarden om til bryggeri

SKIFJORDEN (NRK) Då Rolf Risnes tok over familiegarden, bygde han den om til eit bryggeri. – Rett og slett grisemoro, seier han.

Bjørn Risnes

BRYGGERI: Jan Petter Gran og Kenneth Nygård er mellom eigarane av Skifjorden Bryggeri AS.

Foto: Privat

Ideen starta under hjortejakta for nokre år sidan.

– Vi tenkte på kva neste generasjon skulle gjere på garden. Eg tok over for halvanna år sidan, men tradisjonelt landbruk var ikkje noko alternativ, og plassen er for fin til berre å bli liggande som ein ferieplass, fortel Rolf Risnes.

Løysinga vart Skifjorden Bryggeri AS. Låven er no blitt bryggeri i tre etasjar. Maltøla står på toppen. I hovudetasjen står meskekar, silkar, kokekar og ein del gjæringstankar. Og i den gamle møkkakjellaren ligg lageret av ferdigbrygga lokalt øl.

– Målet er i tillegg til å lage godt øl, å skape arbeidsplassar. Vi hadde eit godt utgangspunkt i bygget, og vi var ein gjeng med ulike erfaringar. Vi byrja ombygginga sommaren 2016, og vi sette det første brygget sommaren 2017. Sånn sett har det gått fort, fortel Risnes.

Skifjorden Cooperative Aktiebryggeri

OPNINGA: Frå den offisielle opninga 5. august i år.

Foto: Privat

Vanleg gard

Kjem du køyrande til Skifjorden ser bryggeriet ut som eit heilt vanleg gardstun. Men her har dei klart å lage 4000 liter øl på ein dag, og det nyskipa bryggeriet har framleis ikkje nådd makskapasitet per døgn.

– Det har vore ein bratt læringskurve. og så har vi vore så heldige at vi har fått ein avtale med Coop Vest, som satsar på lokalmat. Til no har vi produsert nesten det vi klarar.

– Får du selt det òg?

– Vi har ein del eigne kundar i Oslo-området. Og at Coop Vest tør å satse på nystarta bryggeri har mykje å seie for oss. Tek eg ikkje feil, får folk kjøpt Skifjorden-øl frå sørsida av Sognefjorden til Ulsteinvik no. Det er rett og slett grisemoro, seier Risnes.

Rolf Risnes

ØLBRYGGAR: Rolf Risnes.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Blir tøft

– Kva ambisjonar har de?

– Det er veldig mange bryggeri som har starta opp. Vi veit det blir knalltøft. Men ambisjonen er å prøve å få på plass to-tre, kanskje fire arbeidsplassar, produsere jamt og levere kvalitet over tid.

– Etter kvart vil vi lage øltypar som er litt meir spennande for dei som plar drikke ein del øl. Vi prøver å få tak i lokal kveik. Og vi vil opne bryggeriet for folk. Vi har jo eit smaksrom her, seier Risnes.

– Korleis skal de stå ut i mengda av bryggeri?

– Fram til no har vi jobba med design og gode historier knytt til øla våre. At det skal vere lett å kjenne oss att i butikken, seier Risnes.

Rolf Risnes

GJENGEN BAK: F.v. Jan Petter Gran, Håvard Bjørnestad, Eirik Penne, Rolf Risnes og Thuy Nguyen

Foto: Privat