Hopp til innhold

Gjorde EM-comeback etter seks år - tok sølv og bronse

Alexander Kirketeig (36) tok både bronse og sølv under EM i styrkeløft i Tyskland i dag, samt at han sette tre nye norske rekordar. Det heldt til ein 5.-plass totalt.

Alexander Kirketeig i EM 2015

KUNNE JUBLE: Alexander Kirketeig var godt nøgd med at han klarte å ta ut det han var god for under EM.

Foto: Stian Jensen

– Det gjekk relativt greitt. Eg persa i alle tre øvingane og fekk med meg ein bronsemedalje i knebøy og ein sølvmedalje i benkpress, i tillegg til tre norske rekordar, seier Kirketeig, som deltek i - 93-kilosklassen.

Kraftkaren lyfte 342,5 kg i knebøy, 262,5 kg i benkpress og 290 i markløft.

– Til saman var det 895 kilo, så det vart ein samanlagtpers på 27 kilo, seier Kirketeig.

I knebøy tok han norsk rekord med to kilo opp, også i benkpress tok han norsk rekord og samanlagt tok han også norsk rekord.

– Eg hadde tidlegare den norske rekorden på 867,5 kilo samanlagt. Knebøyrekorden hadde eg også på 340,5 kilo, seier Kirketeig.

Smakte ekstra godt

36-åringen må dermed seiast å ha gjort eit meir enn godkjent comeback, i sitt femte EM.

Han la nemleg opp etter EM i 2009, etter å ha vore plaga med mellom anna ryggproblem.

Fredag stod han igjen på eit EM-podium, denne gongen i Tyskland, og fekk teke ut sitt aller yttarste av krefter.

– Det var heilt rått. Då eg la opp i 2009 tenkte eg at dette vil eg ikkje drive med lenger. Dermed kjennest det ekstra godt å gjere comeback seks år etter, seier Kirketeig, som opphavleg er frå Førde. No bur han på Askøy utanfor Bergen.

Resultatmessig er EM i dag hans beste stemne nokon sinne. Men det er ein ting som tel meir:

– Det er det beste stemnet eg har gjort når det gjeld å få ut det som bur i meg. Kapasitetsmessig gjorde eg eit veldig godt stemne, og det smakte godt, seier Kirketeig.

Drøymer om det magiske 900-talet

Han skriv resultatet på kontoen for røynsle og alder, sjølvsagt i tillegg til god trening i forkant.

– Alder og erfaring i tillegg til mindre skadar er oppskrifta. I tillegg har eg over tid tilpassa treninga slik at eg treffer betre med forma, seier Kirketeig.

Om tre veker er det NM, og der har han eit klart mål.

– Eg manglar fem kilo til det magiske 900-talet. Eg har litt meir i meg, og det hadde vore veldig gøy å passert den grensa, seier Kirketeig.

Håpar på VM-billett

I november er det VM i Luxemburg. Kirketeig har allereie teke kravet, men veit ikkje om han vert teken ut.

– Norge har eit svært godt lag. Det er eit mål å vere med, men vi er fleire som har klart kravet enn kva vi har lov til å stille. Men eg håpar sjølvsagt å få lov til å stille, seier Kirketeig.

– Kor lenge har du tenkt å halde på?

– Eg held fram så lenge eg får til å skru saman treningsdagen saman med familie og jobb. Det som stoppa meg sist var smerter. Men så lenge kroppen fungerer og eg tykkjer det er gøy, så held eg fram, seier Kirketeig.