Han kunne sendt heimepublikumet til himmels på straffespark etter 20 minuttar. Og han kunne sikra sesongens andre trepoengar på overtid.
- SJÅ MÅLA HER:
– Tenningsnivået vart for høgt, og det gjekk heitt i toppen før avslutningane. Eg tenkte berre på kor fantastisk feiringa skulle bli borte med Stimen, og ikkje kva eg skulle gjere. I dag var det ikkje godt nok, seier Halvor Solheim-Olsen og ristar på hovudet.
Draumen var klar
Det har gått berre nokre få minuttar sidan 2.300 tilskodarar såg dommaren blåste av oppgjeret. Florø-spelarane takkar «Stimen», Florø-supporterane, for støtta.
Førde takkar sine tilreisande supporterar, og er dei som har størst grunn til å vere nøgde med 1–1 og poengdeling.
– I dag var det skrive at vi skulle vinne i det 90. minuttet, og at fansen skulle gå bananas. Draumen var at det var mi scoring. Tenk å stå der borte og feire med dei elleville supporterane, seier han.
Sur straffebom
Solheim-Olsen hadde rett og slett ikkje dagen i dag. Det vil seie. Han gjorde det aller meste rett i 90 minuttar. Utanom å score.
Straffa i første omgang tok Førde-keeper Ante Knezovic seg greitt av.
– Eg veit eg skal legge den lågt, og gjer det. Men treffer ikkje godt nok, så når keeper går rett veg så reddar han. Det er surt, seier han.
Det var Solheim-Olsen som vart felt då Florø fekk straffespark, og Peter Aase utlikna Vegard Savland si scoring frå første omgang. Etter kvilen var det heimelaget som var klart best og skapte det meste. Sjansar vart det også på gjestene sine kontringar.
– Det har vore slik i heile år. Eg veit ikkje om det er det at vi ikkje har nok tru på oss sjølve. I pausen får vi beskjed om å trakke til, seier Solheim-Olsen.
– Frykteleg skuffa
– Det er 16. mai og eg hadde håpa på langt høgare nivå med så mykje folk på tribunen. Eg er frykteleg skuffa over at vi ikkje står fram frå start. Dette er fjerde kampen på rad, seier ein tydeleg misnøgd Terje Rognsø.
Det er lite hjelp i at tabelltrear Førde framleis er ubesigra på sesongens fem første kampar.
– Vi skulle gjerne hatt tre poeng med heim. Men det vart ein tøff, tett og jamn kamp, seier Førde-kaptein Vegard Gjermundstad.