Hopp til innhold

Gjorde det aller meste rett mot rivalen

FLORØ – FØRDE 1–1 (NRK): Halvor Solheim-Olsen (20) gjorde det aller meste rett og sprang til krampa tok han. Unntatt å score.

Halvor Solheim-Olsen gjorde det aller meste rett mot Førde, men draumen om å bli matchvinnar gjekk ikkje i oppfylling.

SJÅ VIDEO: Halvor Solheim-Olsen fortvilar etter å ha kome for seint på ballen på overtid.

Han kunne sendt heimepublikumet til himmels på straffespark etter 20 minuttar. Og han kunne sikra sesongens andre trepoengar på overtid.

– Tenningsnivået vart for høgt, og det gjekk heitt i toppen før avslutningane. Eg tenkte berre på kor fantastisk feiringa skulle bli borte med Stimen, og ikkje kva eg skulle gjere. I dag var det ikkje godt nok, seier Halvor Solheim-Olsen og ristar på hovudet.

Draumen var klar

Det har gått berre nokre få minuttar sidan 2.300 tilskodarar såg dommaren blåste av oppgjeret. Florø-spelarane takkar «Stimen», Florø-supporterane, for støtta.

Florø og Førde spelte 1-1 i rivaloppgjeret dagen før nasjonaldagen.

MISNØGDE: Både Florø-trenar Terje Rognsø og kantspelar Halvor Solheim-Olsen var misnøgde med uavgjort mot Førde. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

Førde takkar sine tilreisande supporterar, og er dei som har størst grunn til å vere nøgde med 1–1 og poengdeling.

– I dag var det skrive at vi skulle vinne i det 90. minuttet, og at fansen skulle gå bananas. Draumen var at det var mi scoring. Tenk å stå der borte og feire med dei elleville supporterane, seier han.

Førde-supportarane
Foto: TRULS KLEIVEN

Sur straffebom

Solheim-Olsen hadde rett og slett ikkje dagen i dag. Det vil seie. Han gjorde det aller meste rett i 90 minuttar. Utanom å score.

Straffa i første omgang tok Førde-keeper Ante Knezovic seg greitt av.

Florø fekk straffe, men lukkast ikkje å få nettkjenning.

STRAFFE: Halvor Solheim-Olsen kunne gjort 1–0 frå krittmerket, men Ante Knezovic redda. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Eg veit eg skal legge den lågt, og gjer det. Men treffer ikkje godt nok, så når keeper går rett veg så reddar han. Det er surt, seier han.

Det var Solheim-Olsen som vart felt då Florø fekk straffespark, og Peter Aase utlikna Vegard Savland si scoring frå første omgang. Etter kvilen var det heimelaget som var klart best og skapte det meste. Sjansar vart det også på gjestene sine kontringar.

Mykje god stemning både før og under 16. mai-kampen mellom Florø og Førde.

SJÅ VIDEO: God stemning både før og under 16. mai-oppgjeret i kystbyen. (FOTO/REDIGERING: TRULS KLEIVEN)

– Det har vore slik i heile år. Eg veit ikkje om det er det at vi ikkje har nok tru på oss sjølve. I pausen får vi beskjed om å trakke til, seier Solheim-Olsen.

– Frykteleg skuffa

– Det er 16. mai og eg hadde håpa på langt høgare nivå med så mykje folk på tribunen. Eg er frykteleg skuffa over at vi ikkje står fram frå start. Dette er fjerde kampen på rad, seier ein tydeleg misnøgd Terje Rognsø.

Førde-kaptein Vegar Gjermundstad om kampen mot Florø.

KAPTEIN: Førde-kaptein Vegar Gjermundstad om poengdeling mot erkerival Florø. (FOTO: TRULS KLEIVEN)

Det er lite hjelp i at tabelltrear Førde framleis er ubesigra på sesongens fem første kampar.

– Vi skulle gjerne hatt tre poeng med heim. Men det vart ein tøff, tett og jamn kamp, seier Førde-kaptein Vegard Gjermundstad.